Endeleg, endeleg kom eg heim til mamma og pappa og jul. Det er ikkje det at desember er lang, men her heima er det so mykje lettare å legga av seg dårleg samvit og alt som burde-burde vore gjort, og istadenfor rydda i gamle skuffer, laga julesnop og lesa faktiske bøker att! I haust har det blitt lite av det, hadde det ikkje vore for lydbøker ville leselista mi vore dyster. Heldigvis er det lite anna ein kan gjera på buss og til fots, so eg har lytta iherdig. Men no les eg att!
Eg har med meg litt diverse heim til jul (strengt utvalt, må vita), men den eg byrja på fyrst er Neverwhere av Neil Gaiman. Eg høyrte BBC sitt høyrespel av den før i haust, og berre måtte lesa ho. Og eg stortrivst i selskap med Richard og Door og alle dei mystiske menneska i London Below. På lydbok, når julemusikken tek overhand og eg treng noko anna, har eg The Time-Travelers Wife av Audrey Niffenegger. Eg har berre att omlag ein time, og sparar...