Dette er den tredje Harry Hole-boka eg les (i uryddig rekkefølge), og den beste så langt. Harry er som vanleg på fylla, og må ta seg saman for å fakke ein seriemordar samt å avsløre ein korrupt (i mangel av betre ord) kollega, og som bonus også få privatlivet inn på eit betre spor igjen. Ein røper vel ikkje for mykje om ein nevner at ein god del av dette gjeng i orden mot slutten av boka.

Miljøskildringane er etter mitt syn den sterkaste sida ved boka. Nesbø er drivande god til å ta med lesaren inn i forteljinga, omgjevnadar og stemingar er skildra på ein overtydande og til tider poetisk måte. Personkarakteristikkane er også treffande. Når plottet i tillegg er ganske bra og der er passe dosar med humor i boka, spesielt i enkelte av replikkvekslingane, så er det meste av ingrediensane for ei god og underhaldande krimbok på plass.

Det slo meg at Marekors kom ut nokre månadar etter Da Vinci-koden, og eg spekulerte så smått på om isletta av symboltolking og kodeknekking er inspirert av Da Vinci-koden, eventuelt at begge bøkene gjenspeiler ein trend i samtida til å trekke inn slike element i krim- og spenningsforteljingar. Men som nevnt, dette er berre lause spekulasjonar frå mi side.

Den delen av boka som fell minst i smak hjå meg er oppklaringa av mysteriet, kanskje først og fremst måten det blir oppklara på. Eg meiner på generelt grunnlag at Nesbø av og til gjeng for langt i å la skurkane fortelje om brotsverka sine, motiva for handlingane blir overforklarte og kanskje til og med litt banale. Men eg vil ikkje gå så langt som å seie at avslutninga er dårlig, for det er den ikkje. Og medan eg eg vingla mellom terningkast 4 og 5 for boka så kom eg til å tenke på at talet 5 er sentralt i forteljinga, så då var det ikkje meir å spekulere på.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn SAstrid SæverhagenTanteMamieTonjeNorahcathyHilde Merete Gjessing