Tomas Espedal har møtt så mange menneske og reist så mange stader at han neppe hugsar meg. Men eg har faktisk møtt han fleire gongar, første gongen på Tysnes i Sunnhordland, neste gongen også på Tysnes då eg hadde fått Stavanger-poet og Beatles-entusiast Arnt Birkedal til å koma dit for ei opplesing, seinare på ein kafe i Bergen, sist på Ulvik Poesifestival, der Tomas sat og las ei avis og eg forstyrra han med preik om meg og mitt og han lytta. Og så har eg høyrt han snakka og lesa opp - og summa summarum er Tomas Espedal ein fantastisk flott kar. Til stades, empatisk. Med ein maskulinitet eg har beundra frå første stund.
Eg var begeistra for boka hans "Gå" - men det var også der dei første innvendingane mine byrja å melda seg. Noko ved den boka tok til å irritera meg. Kanskje fordi han la opp til ein kunstnarmyte, som forfattaren som eit objekt langt meir interessant enn andre tenkjande menneske, innhylla i ein slags mystikk, med Espedal i rolla som posør, etter kvart ufriviljug komisk. Den andre invendinga mi (og den største) var språket, språkføringa, som eg oppfatta som tilgjort, affektert. Det var noko her som eg ikkje kunne sjå som anna enn eit spel, noko uekte. Men la gå, "Gå" er uansett ei god bok.
Om det ikkje hadde vore for den siste boka hans, "Bergeners". Herregud, kva kunne ikkje denne boka ha blitt til??? For oss heil- og halv-bergensarar som har gått og venta på boka som det heilt store denne hausten, på førehand samanlikna med "Dubliners" - og så dette??? Meir posør-Espedal, framleis den affekterte stilen, framleis oppteken av å skapa myten om seg sjølv, framleis sin eigen klisjé. Og - når ein tenkjer på kva anna som finst på trykk mellom to permar her i verda - så sørgeleg uinteressant.
Men trass alt - "Bergeners" er ei bra bok og absolutt lesverdig, men terningkast 6 blir det ikkje frå meg, knapt halvparten. Bergen hadde fortent meir enn dette.