På mange måtar er dette ei spenningsbok slik eg liker dei. Bra driv i historia, hyppige sceneskifte, innslag av faktaopplysningar som får meg til å bla litt i wikipedia, og historia endrar retning undervegs. Faktisk så greidde Brown å lure meg såpass grundig undervegs i boka at eg nesten sit og skammar meg.

Mykje av historia, spesielt i først 2/3 av boka, dreier seg om gåter knytta til diverse renessansekunstverk, noko eg liker godt. Tilfeldigvis har eg møtt på nokre av desse kunstverka i andre bøker eg har lest i år, og hadde glede av «attersyn» mellom anna med Vasari sitt maleri frå «hallen til dei 500» og med «døra til paradiset» som var mellom illustrasjonane i «Fyrsten» av Machiavelli, og med Sankt Markus sine hestar frå «Botticellis hemmelighet». Likevel fekk eg innimellom kjensla av at Brown dynger på med informasjon om kunst, historie og arkitektur langt utover det som er naudsynt for historia sin del.

Så greier eg ikkje heilt å setje fingeren på kva for andre aspekt som gjorde at eg ikkje likte denne historia like godt som eg likte DaVinci-koden. Er bøkene for like? Har eg lest for mange «gåteknekking»-bøker til å la meg begeistre like lett som før? Er motivet for denne forteljinga for søkt? Moralsk indignasjon over slutten? Kanskje er det ei blanding av alle desse tinga. Det er på ingen måte ei dårleg bok, men uansett greier eg ikkje å trille høgare terningkast enn 4.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Turid KjendlieMarit HåverstadHeidi HoltanBjørg  FrøysaaFrode Tangenmgeingar hCarine OlsrødGrete AastorpAnneOda Marie HIngvild RosslundHarald KRufsetufsaOdd HebækHilde Merete GjessingReidun SvensliDolly DuckTone SundlandPrunellaEllen E. MartolTheaKaramasov11Aud Merete RambølGroGodemineChristofer GabrielsenBente NogvaBeathe SolbergTor Arne DahlalpakkaJan-Olav SelforsJoannMorten JensenTor-Arne JensenIngvild SBjørg L.Barbro  KnudsenSynnøve H HoelHelge-Mikal Hartvedt