Rockelegenda Patti Smith har skrive ei fin bok, «Sanka ull - Woolgathering».

Boka vart skrive for 20 år sidan, for eit lite forlag som publiserer handskrivne bøker, med namn som William Burroughs og Bob Dylan på forfattarlista. No er den vesle boka kome ut på norsk, i to-språkleg utgåve. Eg har gledd meg til å lesa ho, men det er eit eller anna som ikkje funkar. Slik er det stundom. Kanskje tidspunktet er feil, kanskje den norske omsetjinga vart for mykje av ein coverversjon og eg heller skulle konsentrert meg om den engelske originalteksten. Kva det enn er, eg legg berre boka til sides ei stund og tek ho fram att seinare. I mellomtida tipsar eg altså om at ho finst...

PS. Kva boka handlar om? Om det essensielle, om kva det vil seia å vera til og å veksa. Ei samling fragment, tankar kring kvardagslege hendingar. Undring og erkjenning. Og bøn. Motivet på omslaget (Jean-François Millets 1800-tallsmaleri «Shepherdess with Her Flock») viser ei jente i knall raud lue med ryggen til saueflokken ho gjetar, fordjupa i eit bønekjede. For - ja, det handlar om bøn. Og om å sanka ull på sin veg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Ester SJohn LarsenKirsten LundSynnøve H HoelGrete AastorpChristin SillibakkenMalinTheaG LReidun SvensliNikkaDaffy EnglundBerit RSigrid Blytt TøsdalRolf IngemundsenPiippokattaMarie HolterEvaHanne Kvernmo RyeJulie StensethEileen BørresenTove Obrestad WøienChristinaLinda RastenAnn Christinmay britt FagertveitLene AndresenHarald KAnniken LTanteMamieDemeterEllen E. MartolReidun Anette AugustinIngunn SBjørg L.Bjørg  FrøysaaRune U. FurbergIna Elisabeth Bøgh VigreDinamge