Takk, bokelskarar! Dette er ei bok eg truleg ikkje ville funne på av meg sjølv å plukke opp i ein bokhandel. Korkje biletet eller teksta på omslaget virka spesielt tiltalande på meg. Med ved ei tilfeldigheit blei eg merksam på at boka fekk mange strålande omtalar her inne, og endte opp med å kjøpe den på sal. Det er eg glad for.

Boka er delvis ein sjølvbiografi, der Heivoll nøstar opp i ei personleg krise han gjekk igjennom då faren døydde om lag samstundes med at forfattaren oppdaga at han ikkje ville studere jus likevel. Parallelt med dette fortel han historia om ein pyroman som herja i heimbygda hans i 1978, same året han vart fødd. På meisterleg vis flettar han desse forteljingane saman, delvis ved at han projiserer sin eigen krise over på pyromanen, og delvis ved å nøste i alle berøringspunkta mellom pyromanen sin historie og sin eigen historie. Det er ulikt alt anna eg har lest, og det fungerte kjempegodt.

Spesielt imponerende er den mengda forarbeid som ein må anta ligg bak boka, her må ein tru forfattaren har gjort mange og grundige intervju med bygdefolket, og gått igjennom mengder av arkivert materiale. Noko av dette gjer han også greie for i boka. Og med dette i tankane så vart eg nesten slått i bakken av genialiteten i scena (s. 232-233) der han oppsøker den tome kyrkja i heimbygda, og bestemmer seg for å prøvespele på trø-orgelet:

«Jeg forsøkte spaken merket Vox celeste (himmelsk røyst, min kommentar). Den var stum.»

«Jeg forsøkte spaken merket Vox humana (menneskleg røyst, min kommentar). Det var en lav, skjelvende tone som vokste og ble fast og sterk bare jeg tråkket lenge nok på pedalene»

Og det er nettop det Heivoll har gjort i denne boka. Ved å grave i arkiv og intervjue sambygdingane har han trakka på bygda sine pedalar, og fått fram dei menneskerøystene som ber fram denne historia med ein fast og sterk tone. Bravo!

Så skal eg unnlate å pirke i detaljane som gjorde at eg ikkje trilla høgaste terningkast på denne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

RufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn SAstrid SæverhagenTanteMamieTonjeNorahcathyHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland Skjeggerud