Eg burde kanskje ha likt denne boka betre enn eg endte opp med å gjere. Historia er spennende, der er eit par originale grep undervegs, hovudpersonen fortel med ein blanding av tørrvittigheit, sjølvinnsikt og ironi, og historia er spennende. Men det siste har eg visst alt sagt.

Forteljaren, hovudjegeren Roger Brown, som finansierer kunstgalleriet til den vakre kona si ved å stjele kunst frå intervjuobjekta sine, fortel om korleis han sjølv endar opp med å bli jakta på, på liv og død, av ein jobbkandidat. Historia gjeng langs eitt enkelt spor og er stort sett kronologisk, med enkelte tilbakeblikk i Brown sitt liv som kan forklare korleis han har blitt den han er.

Det er noko med den overfladiske stilen til forteljaren som virkar fråstøytande på meg. Ein får tru det var Nesbø sin meining å skape ein antihelt i den andre enden av antihelt-skalaen enn der Harry Hole held til, og der har han lukkast bra. Men like fullt finn eg hovudpersonen grenselaust irriterande. Når der i tillegg er ein del logiske hol i historia, og eit par av poenga undervegs blir mata med teskei til lesaren mot slutten av boka, så ramlar eg ned til eit middels terningkast på denne.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundLeseberta_23DemeterStine AskeMaikenHilde VrangsagenHarald KHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenTove AlmaMcHempettStian AxdalEgil StangelandVivian M.PrunellaReadninggirl30LailaÅsmund ÅdnøyBerit RVibekeTheaIngunn SLars MæhlumEli Hagelundmay britt FagertveitbandiniBjørn SturødMarit HåverstadAgnete M. HafskjoldMarianne MTurid KjendlieIngeborg G