Åsne Seierstad dro til Afghanistan etter terroråtaket på USA i 2001, og oppheldt seg ei periode som gjest hjå ein bokhandlar i Kabul. Basert på dette opphaldet har ho nytta familien til bokhandlaren som «knagg» for å fortelje om nyare Afghansk historie, skildre samfunnstilhøva i dette landet, og ellers gi eit djupdykk inn i det indre livet til ein familie i den øvre middelklassen i Kabul.

Ser ein bort frå det moralske spørsmålet ved å utlevere familien på denne måten, så likte eg boka særs godt. Det er eit knippe forteljingar der ulike familiemedlemmer har hovudrolla i kvar av dei. Variasjonen i tema er stor, frå framgangsmåtar ved frieri og giftemål, via pilegrimsreise til Mazar-i-Sharif, til tolkeoppdrag for amerikanske journalistar nær krigssona. Historiene blir lagt fram på ein overtydande måte, og gir eit innblikk i ein kultur og eit tankesett som er ganske fjernt frå det norske.

Seierstad har ein klar agenda i å tale kvinnene sin sak i boka. Fleire av historiene dveler ved forhold som i beste fall kan kallast diskriminerende, brot på menneskerettar er nok meir korrekt. Og når det gjeld skikken med å ta livet av ulydige jenter, som det også blir gitt eit eksempel på, så er det rimeleg opprørande at det framleis finnest samfunn der ein, om enn uoffisielt, tillet dette. Det er med andre ord ein enkel jobb for Seierstad å overtyde lesaren om at det trengs eit stykke kvinnekamp i Afghanistan.

Eg høyrde denne boka som lydbok, der Gisken Armand etter mitt syn gjer ein framifrå jobb som opplesar.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Britt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingIngunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardTor-Arne JensenTine Victoria