Det er lett å forstå at denne boka blei reikna som ein sterk debut då den kom i 1993. Den sterkaste delen av boka er nok den truverdige skildringa av politiarbeidet i hovudstaden. Det skulle ellers berre mangle, sidan Holt har arbeidserfaring frå Oslo politikammer. Personkarakteristikkane i boka er også på eit jevnt godt nivå. Ei søt lita kjærleikshistorie som ein del av handlinga gir ekstra sjarme til boka.

Sjølve plottet er nok kanskje ikkje av dei aller sterkaste. Det er på ingen måte dårleg, men heller ikkje mer enn alminneleg bra. Med unntak av eit lite tilbakeblikk i tid undervegs i det første kapitlet er forteljinga strengt kronologisk, og kapitla er inndelt etter dei enkelte datoane i historia. Forteljinga gjeng over fleire månadar, Holt har etter mitt syn ei langt meir realistisk framstilling av kor lang tid ei etterforskning tek enn t.d. Kepler i sine bøker.

Noko av det morosame med å lese 20 år gamle bøker er at ein må ta innover seg at det har vært visse teknologiske framsteg undervegs. Det er til dømes no litt vittig å lese om dei moderne mobiltelefonane på den tida, og enno betre, prøve å hugse på korles det var å nytte ein telefonkiosk. Mellom anna. Men mest av alt var boka underhaldande og spanande.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundLeseberta_23DemeterStine AskeMaikenHilde VrangsagenHarald KHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenTove AlmaMcHempettStian AxdalEgil StangelandVivian M.PrunellaReadninggirl30LailaÅsmund ÅdnøyBerit RVibekeTheaIngunn SLars MæhlumEli Hagelundmay britt FagertveitbandiniBjørn SturødMarit HåverstadAgnete M. HafskjoldMarianne MTurid KjendlieIngeborg G