Boka handlar om eit knippe menneske i eit oppdikta, men høgst truverdig, lokalsamfunn på Romsdalskysten. Ei gravid ungjente som tenkjer på abort, mora hennar som slit med nervane, den pensjonerte poståpnaren som prøver å halde det nedlagte postkontoret i stand, sånn i tilfelle, og eit ektepar der mannen er alkoholisert og kona ynskjer å flytte ut for å realisere seg sjølv er nokre av hovudpersonane.

Ein følger livet til desse personane over nokre få dagar. Det er forholdsvis traurige dilemma dei hanskast med undervegs, og traurigheita blir understreka av det ugjestmilde haustveret som blir skildra i boka. Det er i det heile lite hovudpersonane i boka har å glede seg over undervegs.

Det som bergar boka frå å bli ei traurig oppleving også for lesaren er, ved siden av gode skildringar av relasjonar mellom menneske, den originale forteljarteknikken, der forfattaren, eller «han som skriv» som han omtalar seg, gjer greie for samspelet mellom seg sjølv og forteljinga. Dette var eit originalt grep eg ikkje har vært borte i før, og som eg fann svært tiltalande.

Denne boka høyrde eg som lydbok, der forfattaren sjølv les. Det er på ein måte stas å høyre forteljinga med forfattaren si eiga stemme, men eg har kjensla av at ein annan opplesar kunne ha løfta lese(høyre-)opplevinga eit lite hakk. Sidan dette berre er den andre lydboka eg høyrer har eg ikkje grunnlag til å uttale meg med særleg tyngde om Hoem sine prestasjonar som opplesar, men eg tykte det blei i overkant monotont og flatt, og innimellom kom det ei og anna setning som det blei vanskeleg å få tak i. Men dette kan nok like gjerne vere eit utslag av min manglande erfaring som lydbok-lyttar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

GodemineJarmo LarsenLailaSynnøve H HoelReadninggirl30Stig TAnn ChristinG LMarit HåverstadLeseaaseandreas h. o.RandiAEvaAvaLesevimsaGunn Kari  PlathePiippokattaDaffy EnglundReidun SvensliLene AndresenGrete AastorpAnne Berit GrønbechStåle LiåsenIngvild SHilde H HelsethlittymseBrit HonningsvågNorahAnniken RøilKirsten LundLeseberta_23Anniken BjørnesTheaNinaJulie StensethPer Åge SerigstadHelena EBenedikteanniken sandvikHarald K