Forfattarekteparet bak Kepler har funne ei suksessoppskrift for å lage gode krimbøker, og held seg til den. Eit bra plott, kvalmande valdsscener, tydelege karakterar, gode miljøskildringar og detaljkunnskapar om ulike tema er nokre av ingrediensane. Språket er veldig visuelt (om ein kan nytte eit slikt uttrykk), eg grip meg heile tida i å sjå for meg korleis dette vil ta seg ut på eit kinolerret. Framdrifta i forteljinga er stort sett kronologisk, men med hyppige sceneskifte. Det er korte kapittel, sjelden meir enn 3 sider, og kvart kapittel avdekker oftast eit vesentlig moment i historia. På denne måten blir det lett for lesaren å sluke historia, det er så spennende og heseblesende at ein ikkje har tid til å tenke særleg kritisk på om handlinga er sannsynleg eller ikkje, ein må berre starte på neste kapittel for å sjå korleis det gjeng.

Det er likevel mulig at eg har blitt meir kritisk sidan førre Kepler-bok eg las (for litt over eit år sidan), for det var litt fleire detaljar eg hengde meg opp i denne gangen. Mellom anna blir hovudpersonen Joona Linna sitt forhold til sine overordna litt for klisjefylt. Så høyrer eg også til dei som synest sex-scener blir malplassert i ei slik bok. Skildringane av seksuell karakter i boka framstår for meg om lag like relevante for handlinga som ei utførleg utgreiing om korleis hovudpersonen tørker seg i rumpa etter eit toalettbesøk ville ha vært.

Medan eg for Paganinikontrakten vingla mellom terningkast 5 og 6 (og endte på 5), så vingla eg mellom 4 og 5 medan eg las denne boka. Men ein solid slutt gjorde at eg landa på ein trygg 5’er, og gleder meg alt til å lese neste bok.

Godt sagt! (3) Varsle

Viser 1 svar.

Godt sagt! (0) Varsle

Sist sett

Roger MartinsenKirstenEgil StangelandDemeterHarald KPia Lise SelnesPiippokattaNils PharoKaren RamsvikLinnVidar RingstrømMarteLaddenGunillaCathrine PedersenTanteMamieCarine OlsrødMads Leonard HolvikVannflaskeKjell F TislevollKristine LouisesnurreEivind  VaksvikFinn Arthur JohansenAnne-Stine Ruud HusevågAndreas VillangermgeHege LLailaStig TTove Obrestad WøienOdd HebækSissel ElisabethToveErlend SamnøensiljehusmorOda Marie HAud Merete RambølElisabeth SveeTor Arne Dahl