Margaret Atwood har ikkje berre skrive ei bok, ho har skapt ein religion. Komplett med helgenar og salmebok og alt som høyrer til. Til å begynne med syntes eg det var godt oppdikta, men dess meir eg las av boka, og etter å ha lest litt om Atwood, så fekk eg meir og meir kjensla av at dette ikkje berre er noko ho diktar om, men også ei tru ho bekjenner seg til sjølv.

Boka startar bra. Lesaren får servert brotstykker av historiene til Toby og Ren, ei henholdvis godt vaksen og ei ung dame som har tilknytning til sekta Guds Gartnere. Denne sekta er opptatt av berekraftig sjølvberging i ei post-apokalyptisk framtid, og spår at det skal kome ei ny syndeflod, den vasslause flaumen, som skal radere ut dei fleste av menneska. Hovudkapitla i boka blir innleia med ei preike av Adam En, leiaren i Guds Gartnere, og deretter ein salme. Forteljinga vekslar fint mellom Toby sin historie (som blir fortalt i 3. person) og Ren sin historie (i 1. person), og historiene er ikkje kronologisk fortalt men hoppar ein del i tid. Alt dette er forteljarmessige grep som fell godt i smak hjå meg.

Noko som øydela litt for leseopplevinga mi var teksta på smussomslaget. Her gjeng det fram at boka skal handle om det som skjer etter katastrofen, men det viser seg at storparten av boka, ganske nøyaktig 3/4 av den, bygger opp til denne. Smussomslaget hevder også at «Ren og Toby legger ut på hver sin ensomme vandring på leting etter andre som kan ha overlevd». Nei, det gjer dei ikkje. Er det ingen krav til dei som skriv desse tekstane at dei skal vite nokonlunde kva boka handlar om?

Eg veit ikkje om det berre var på grunn av forventningane frå smussomslaget, men etter å ha lest ei stund fekk eg kjensla av at forteljinga blei feilproporsjonert. Det tok rett og slett for lang tid, og det blei for omstendelig mala ut kva for samfunn hovudpersonane lever i, før flaumen kom. Men når den først kom så var resten av boka ein fornøyelse (i den grad ein kan nytte eit slikt ord om såpass dystre framtidsskildringar) å lese.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Ann-ElinSynnøve H HoelChristofferBjørg L.Hilde VrangsagenJarmo LarsenReidun VærnesAstrid Terese Bjorland SkjeggerudPernille GrimelandKjell F TislevollTorill RevheimLisbeth Marie UvaagTurid KjendlieIngeborg GRisRosOgKlagingLinda NyrudKirsten LundmarvikkissiljehusmorTralteAmanda AToveVanja SolemdalKaramasov11RandiLilleviBerit B LieGroLars MæhlumGodemineHarald KBerit RSolStig TElin Katrine NilssenBerretMariaTanteMamieRufsetufsaBeathe SolbergPiippokatta