Peter Straub oppdaga eg ved eit tilfelle ein gong på 1980-talet, med romanen "Shadowland" som fanga meg inn frå første setning. Seinare skreiv han ei bok i lag med Stephen King, "The talisman" - på sett og vis eit litt umake par, ettersom Peter Straub er langt meir litterær enn King - resulatet blei bra.

Mursteinen "Ghost story" har også fanga meg inn frå første setning. Peter Straub kan kunsten å skapa ei indre, uhyggeleg spenning som held på interessa. Eg ser i omtalar av boka at romanen, forutan å vera ein grøssar av beste merke, samtstundes er ein litterær hyllest til genren. Ja, nokre seier til og med at "Ghost story" overgår både "Rosemary's baby" og "Excorsisten". Allereie etter nokre få kapitlar er det lagt ut så mange trådar som eg berre MÅ sjå enden på.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

TheaG LReidun SvensliNikkaDaffy EnglundBerit RSigrid Blytt TøsdalRolf IngemundsenPiippokattaMarie HolterEvaHanne Kvernmo RyeJulie StensethEileen BørresenTove Obrestad WøienChristinaLinda RastenAnn Christinmay britt FagertveitLene AndresenHarald KAnniken LTanteMamieDemeterEllen E. MartolReidun Anette AugustinIngunn SBjørg L.Bjørg  FrøysaaRune U. FurbergIna Elisabeth Bøgh VigreDinaEster SmgeVannflaskeSynnøve H HoelRufsetufsaKristine87ritaolineCamilla