Pensão Riso da Noite (Pensjonat Latter i Natta) er ein bordell i småbyen Caruaru i delstaten Pernambuco i nordaust-Brasil. Byen er verkeleg nok, men eg gjeng ut frå at bordellen er oppdikta. Forfattaren José Condé var fødd og oppvaksen i denne byen, og har henta inspirasjon til fleire av bøkene sine herifrå.

Pensão Riso da Noite kom ut i 1966, men handlinga er lagt til 1927. Eller handlingane. Boka har nemleg karakter av ei samling noveller, og med ulike hovudpersonar i alle novellene. Enkelte hovudpersonar treff ein berre i ei novelle, andre får bi- eller statistroller i andre av novellene. Det er eit fargerikt og interessant persongaleri som blir skildra i boka, og dei enkelte historiene kan svinge frå farse til tristesse. Bordellen har ei perifer rolle i historiene, med unntak av dei to siste der den er sentral.

Den første, og lengste, historia handlar om trigamisten Quequé, ein handlesreisende som har gifta seg med tre svært ulike damer i tre delstatar. Denne historia har gitt opphav til TV-miniserien "Rabo de Saia" ("Skjørtejeger" kan vere ei teneleg norsk overstjing, sjølv om det ikkje er heilt rett), som gjorde stor suksess i Brasil i 1984.

Av andre historier kan ein nemne den brutale og smådumme lensmannen som ynskjer han kunne vere prest, den gamle enka som før fram ein geitekilling som blir alkoholikar (geita, altså), gammeljomfrua som er så desperat etter mannfolk at den fromme søstera hennar henter presten slik at ho kan få hjelp (og det får ho), og om den natta då horene gjeng til streik.

Alt i alt ei mangefasettert bok, som kallar både på smilet, gapskratten og ettertanken.

Boka finnest også i tysk oversetjing (1968).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Stig TSynnøve H HoelMalinn HjortlandkntschjrldBerit RBertyFarfalleAnne-Stine Ruud HusevågSilje-Vera Wiik ValeFriskusenHilde H HelsethEgil StangelandNicolai Alexander StyveelmeRufsetufsaHanne Kvernmo RyeJenny Dahl BakkenErlend Rødal VikhagenJakob Lund KlausenPirelliFindusVannflaskeBerit B LieHilde Merete GjessingNina M. Haugan FinnsonMcHempettAkima MontgomeryHarald KDanielDemeterTove Obrestad WøienJoakimKirsten LundChristoffer SmedaasKjell F TislevollKuboaaEileen BørresenmgeHeidiTonesen81