Fyrst, ei lita irettesetjing til forlaget: Dette er slurv.
- Slurv 1: I omtalen som ligg ute på internettverket skriv de at Hitler våknar opp att om våren 2011. Men det er feil. Datoen er til og med spesifisert på side 15 og 16: 30. august 2011.
- Slurv 2: Eg har fått dobbelt smussomslag på mitt eksemplar av boka. Det kan sjølvsagt hende at alle har fått det, og at dette er meint som ein finurleg kommentar frå forlaget sin side til den papirmangelen som Hitler innledningsvis uroar seg for i boka, men inntil nokon eventuelt kan stadfeste dette så vel eg å tru at det er slurv.
- Slurv 3: Der er ei liste med notar bakerst i boka (som eg dessverre ikkje oppdaga før boka var halvlest). I ei bok som er ein ordensstat verdig så bør slike lister helst nummererast, og når det ikkje er gjort så bør dei anten listast alfabetisk eller følge kronologien i boka. Til ein viss grad kan ein påstå at notane følger kronologien, men det er så mange unntak at eg ikkje ser anna råd enn å klassifisere det som slurv.

Så til boka. Hitler vaknar opp att i Berlin i 2011, og er forteljarstemma i boka i første person. Endringane i omgjevnadane, samfunn og politikk sidan 1945 gjev opphav til ein del underfundige og komiske betraktningar frå Hitler sin side. Han blir tatt for å vere ein ekstremt god Hitler-imitator, og får etter kvart jobb i eit komi-program på TV der han berre veks og veks i popularitet. Men dette er den ekte Hitler og han ser TV-populariteten som ein veg attende til makta, og det blir etter kvart kvalmande tydeleg at folket kan la seg forføre igjen.

Hitler refererer hyppig til personar, stadar eller hendingar som var viktige i livslaupet hans fram til 1945. Lista med notar som er nevnt over er ei forklaring til lesaren på desse referansane, og er sikkert til god hjelp for dei tyskerane som ikkje har spesielt gode historiekunnskapar. Men Vermes trekker også inn tilhøva i dagens Tyskland, og karikerer truleg ein del personligheiter og institusjonar som eg ikkje er kjend med. I alle fall fekk eg ofte kjensla av at der var eit poeng eller to i teksta som eg gjekk glipp av. Det ville derfor vært til stor hjelp for meg som har berre måteleg kjennskap til tysk politikk og tyske samfunnstilhøve med ei utvida liste med notar som kunne forklare også desse poenga. Gratistips til forlaget i tilfelle det skulle bli aktuelt med ny utgåve av boka.

Til slutt vil eg nemne at eg innimellom undrast på om oversetjinga kunne vært betre. For all del, språket var ypperleg og kledde historia bra det aller mesta boka. Likevel, innimellom er der setningar som ikkje heng i hop, men eg veit ikkje om dette også er slik i originalmanuskriptet. Andre gangar fekk eg kjensla av at der var poeng som kan ha forsvunne i oversetjinga. Skulle nokon av lesarane her ha lest både den tyske og norske utgåva hadde det vært moro om vedkomande kunne gi ein kommentar til dette.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 3 svar.

I den danske oversettelsen, Han er tilbage, hang alt fint sammen, og det var fotnoter som forklarte diverse navn og begreper som en ikke kan forvente at etterkrigsgenerasjonen har kjennskap til.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hei Jostein,
i det tyske originalutgave ha den "ordenstaten" ingen notatliste. Muligens ha Kappelan leggt den til for normenn. Jeg kjenner ikke til det norske, kansje seinere.
Da det ble kjennt i våren, at det kommer ut her, ha jeg undret meg på grunn av:
Hitler hadde en særstilt språkstil og dagens norske generasjoner er ikke vant med den.
Oversetteren skrivte i blogen hennes, at boka kommer muligens ut med titeln; "Han er tilbake".
Derpå skrivte jeg hva den bedre oversettelse, etter min syn, vil være. Så kam det ut som det er idag :)
Den neste tvilen jeg hadde var, hvordan norske lesere skal skjønner de forskellige personer når de ikke see daglig tyske tv-programmer. Nevnte politiker eller tv- folk er kjennt og for normenn er det umulig å oppdager komiken som ligger i disse dialoger. Da gå mye, mye tapt.

Hilsen Klaus

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Faktisk syntes jeg at oversettelsen er en bragd! Den fanger på en prikk Hitlers selvhøytidelige, gammeldagse stil, samtidig som den er lettlest og får frem den ufrivillig komiske siden ved mannen.

Den eneste setningen jeg reagerte på, står på side 42: «…allerede i Weimar hadde kommunistenes håndlangere smurt sine bolsjevikiske dumheter overalt». Det korrekte er vel: «…allerede under Weimar-republikken…». DET gir mening.

Ellers er jeg helt enig med deg i at hjelpelisten som avslutter boken, skulle vært enten alfabetisk, eller vist til sidetall! Selv hadde jeg aldri hørt om Konrad Zuse, fant ham på nettet senere, for hjelpelisten bak var det liten grunn til å bruke tid på.

Også jeg reagerer på at forlaget skriver at Hitler våkner til liv "våren 2011", når boken oppgir både dato og beskriver et sensommerlig/høstlig/julefeirende Berlin!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

MathildeKristineJulie StensethAnniken RøilMargrethe  HaugenHilde H HelsethHarald KG LLaila StenbrendenSol SkipnesAkima MontgomeryVidar KruminsLilleviPiippokattaINA TORNESsveinBjørg L.AvaFrode Øglænd  MalminJoakimVibekeKirsten LundIreneleserTove Obrestad WøienBeathe SolbergWenche VargasAnne-Stine Ruud HusevågToveAnneWangFriskusenSigrid Blytt TøsdalStig TEvaNorahDolly DuckKarin  JensenKatrinGKjell F TislevollJan-Olav SelforsChristoffer