Ope brev til Kjartan Fløgstad

Hei!
(Det er kanskje litt vel personlig å skrive «hei» - men «vyrde» vart for seriøst...og sidan eg kjøpte boka av deg personleg, og du har sjølv skrive ei personleg helsing til meg inne i boka, så......).

Denne hadde eg gledd meg til lenge. Du fortalde så engasjert om innhaldet då du presenterte boka di for eit bra stort publikum, og då du las opp frå teksten var eg overtydd om at dette var noko for meg. Dei artige namna som Birger Barents, Pål Likør og Plottar Doggerbank lova humor av godt format. Så – no når vi omsider er i feriemodus med lange, lyse netter premierte eg meg sjølv med å hente den fram. Såg fram til nokre triveleg timar.

Men – kva er dette? Eg har fullført, på eit vis med litt skumlesing fram og tilbake. Og no sit eg altså her og er forvirra. Kva handlar dette om? På baksida av coveret står der at det handlar om to gutar som blir evakuerte etter den spanske borgarkrigen – at ein hamnar i Sovjet, og ein i Mexico. Javel – men kvar har historia blitt av? Kvar finn eg dette i teksten?

Eg leita og leita etter ein tråd, noko som kunne halde meg på rett spor, men innhaldet minte meg meir og meir og ei stor korg med trådnøste eg hadde ein gong, der alle trådane var blanda i ein vanvittig stor floke – slik at det vart heilt umulig å sortere. Så no lurer eg på om innfallsmetoden er den beste? Sidan eg ikkje skjønar kva bodskapen er, meiner eg....

Til slutt – du er ein kløppar når det gjeld ordspel. Mange av dei likte eg , men det er med det som med alt anna: Når det blir for mykje av det gode, smakar det ikkje alltid like godt.

(Om ein eller annan kan forklare meg kva dette eigentlig er, så hadde eg sett pris på det.)

Mvh
Hilda
24.06.13

PS: Om eg skulle gi terningkast ville det ikkje bli av dei beste, så eg let vere...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Hmmm. Denne stend på ønskelista mi. No vart eg litt skeptisk, spesielt sidan eg ser at fleire andre har skrive kommentarar som gjeng i same retninga. Det betyr vel at med mindre det kjem kommentarar som forsvarer eller forklarar boka, så reduserer eg statusen til denne frå "må ha" til "kan kjøpe dersom den er billig nok".

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Om du er svært glad i ordspel, så er denne eit godt val. Men, om du vil ha ei historie??
"Kan kjøpe dersom den er billig nok" er eit godt alternativ etter mi meining!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då blei denne boka med meg heim frå posesal her om dagen. Sidan eg betalte 50 kroner for ein pose med 11 bøker er snittprisen pr bok ca kr 4,50,-. Det skal vel godt gjerast om ikkje boka er verdt DEN prisen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det må eg sei! Må vel kallast eit kupp, det der! Trur mi utgåve var minst ni gonger dyrare :-)
Håper du får litt meir ut av boka enn det eg gjorde.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kristine LouiseTone SundlandVibekelillianerjunieBerit B LieAnne Berit GrønbechAgnesTor Arne Dahlingar hPiippokattaHilde Merete GjessingSolveigVanja SolemdalSynnøve H HoelStig TKirsten LundÅsmund ÅdnøyPär J ThorssonMorten JensenTore HalsaBenteJarmo LarsenFarfalleAnn ChristinEli HagelundAndreaKaramasov11Harald AndersenMorten BolstadTove Obrestad WøienAnn-ElinToveGroLailaKjell PMads Leonard HolvikAlice NordliVigdis VoldTralte