Madeleine, Mitchell og Leonard avsluttar college ved Brown. Vegen vidare ligg vidopen for dei. Mitchell set kursen mot India, på leit etter ein religion og seg sjølv, Leonard har fått ein stilling som forskingsassistent ved eit laboratorie som driv med ting han kan lite om, og Madeleine, i påvente av å finna ut kva ho vil med livet sitt, slår fylgje. Leonard treng Madeleine, men Madeleine treng òg å bli trengt. Me føl dei tre gjennom eit år med opp- og nedturar, i tillegg til nokre glimt attende.

Tittelen, The Marriage Plot, kan ein finna att på eit par ulike måtar i boki. Det eine er at det er dette Madeleine skriv si avsluttande oppgåve om, giftarmål i 1800-talslitteratur. Det andre er at dei tre hovudpersonane strekker seg mot, eller viker frå, denne forteljingslinja på ulike måtar – om ikkje beint ut bryllaup, so iallefall eit forhold og eit lukkeleg alle sine dagar. Lenkja blir likevel litt uklår, då eg ikkje synes det er dette som nødvendigvis er det mest sentrale i romanen – eller iallefall ikkje det einaste sentrale. Vel so mykje som å leita etter ein partnar leitar dei tre etter seg sjølv, og om det er det som er poenget til Eugenides, ja då synes eg slutten kjem litt fort på meg, trass dei over 500 sidene. Byrjinga er svært lovande, med gode skildringar av college-liv og -tankar på 1980-talet ein student 30 år seinare kan kjenna seg att i. Men det vert litt langdrygt og noko spreidd etterkvart, og eg mista til ein viss grad kontakten med det omtalte plottet.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

VariosaFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineHilde VrangsagenMarit HøvdeInger-LiseIreneleserG LIngunn STerje Mathisen