Dette er noko eg har posta tidlegare i ein tråd om bøker frå Etiopia, men det passar minst like godt i denne tråden:

Eg har to bøker med handling frå Etiopia, begge er reiseskildringar skrive av nordmenn som har vært på gullgravings-ekspedisjonar rundt tiårsskiftet 1930. Den eine boka, Gjennem Etiopias jungle av William Avenstrup kom ut i 1935 og er sterkt farga av samtida sitt syn på heidningar. Hadde boka kome ut i dag ville den utan tvil blitt stempla som sterkt rasistisk. Bok nummer to, Gullvasking i Etiopia av Thor Amdahl kom ut i 1999, og er langt meir politisk korrekt i framstillinga av opplevingane i Etiopia.

Det er kjempeinteressant å halde desse to bøkene opp mot einannan. Forteljingane har mange likheitstrekk, reisene gjekk i omlag same området i omlag same tidsromet, men det ser ikkje ut for at forfattarane har støytt på einannan, i allefall har ingen av dei nevnt den andre i bøkene sine. Og så lurer ein på; var Avenstrup ein rasist, eller skreiv han slik han gjorde fordi det passa med den rådande stemninga i samtida? Enn om Amdahl hadde gitt ut si forteljing i bokform på 1930-talet, ville han ha unngått dei litt plumpe skildringane som Avenstrup slumpa til å gjere innimellom? Dette får ein sikkert aldri svar på, men det er som nevnt uhyre interessant å observere korleis to i utgangspunktet like forteljingar truleg er blitt farga av tida dei blei fortalt i.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Takk. Interessant. Nok et godt tips.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Marit AamdalTanteMamiePiippokattaReidun VærnesSilje HvalstadFrisk NordvestBente NogvaMorten MüllerTor-Arne JensenKirsten LundDemeterHarald KSynnøve H HoelBjørg L.BenteNicolai Alexander StyvemarvikkiskntschjrldStig TBeathe SolbergIna Elisabeth Bøgh VigreJulie StensethMarenGitte FurusethBerit RSolveigTorill RevheimTine SundalTore HalsaAnniken RøilSt. YngheadAnn ChristinTherese HolmBjørg Marit TinholtSolKarina HillestadAnneWangIngvild SRandiAJakob Sæthre