Boka er eit djupdykk inn i tankegods frå konspirasjonsteoriar og nyreligiøse rørsler. Lesaren blir tatt med inn i framveksten av, og etter kvart avviklinga av, eit kollektiv som førebur seg på endetida.

Forteljarstilen er tiltalande, det er i hovudsak fire stemmer som veklser på å drive forteljinga framover, tre høyrer til medlemmene Gro, Ine og Ove som kjem til kollektivet nokonlunde samstundes, medan kollektivet er i ein vekstfase, og den fjerde er den karismtatiske leiaren Biv (er det tilfeldig at alle har fornavn på tre bokstavar? Skal eg starte min eigen konspirasjonsteori om dette?). Gro og Ine sine forteljingar kjem gjennom blogginnlegg, e-postutveksling og notat, Ove sin forteljing er i form av eit bokmanuskript, medan Biv greier ut om idegrunnlaget for kollektivet gjennom ein serie foredrag.

Frå andre omtaler av boka var eg førebudd på ein skuffande slutt, og er dermed ikkje så negativ til slutten som eg kanskje ellers ville blitt. Likevel kjende eg på ein dalande entusiasme for boka, frå knakande bra i starten til omlag middels god på slutten. Kanskje er dette i seg sjølv eit godt bilete på nyreligiøse rørsler? At det virkar som ein god ide i starten, men kokar ned til noko ganske ordinært etter kvart?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

FarfalleAnne-Stine Ruud HusevågSilje-Vera Wiik ValeFriskusenHilde H HelsethEgil StangelandNicolai Alexander StyveelmeRufsetufsaHanne Kvernmo RyeJenny Dahl BakkenErlend Rødal VikhagenJakob Lund KlausenPirelliFindusVannflaskeBerit B LieHilde Merete GjessingNina M. Haugan FinnsonMcHempettAkima MontgomeryHarald KDanielDemeterTove Obrestad WøienJoakimKirsten LundChristoffer SmedaasKjell F TislevollKuboaaEileen BørresenmgeHeidiTonesen81Marianne  SkageIngunnJMads Leonard HolvikElinBeMalinMarianne Augusta