Etter å ha lest denne boka tør eg nesten ikkje anna enn å trille terningkast 6 på alle bøker eg les framover …. men det får stå sin prøve.
Nina Faber er ein halv-kjend lyrikar som kjem ut med ny diktsamling etter fleire års tørke. Mottakinga i pressa er dårleg, og når ein bokhandel der ho skal halde opplesing kansellerer avtalen under påskot av at dei skal ha vareopptelling bestemmer ho seg for å konfrontere bokhandelen og etter kvart også ein av kritikarane. Det gjeng på ein måte bra, men på dei fleste andre måtar gjeng det ikkje bra.
Tittelen «Vareopptelling» spelar både på påskotet til bokhandelen for å kansellere høgtlesinga, og på det at Nina reflekterer over stoda i sitt eige liv undervegs i boka. Loe kjem med treffsikre karakteristikkar av dei ulike personane i boka, og mange av dei litt for tøysete innfalla i enkelte av dei andre bøkene hans er skrella bort. Totalt er dette den Loe-boka eg liker best av dei eg har lest til no.