“If it wasn’t for the mist we could see your home across the bay," said Gatsby. "You always have a green light that burns at the end of your dock.
Daisy put her arm through his abruptly but he seemed absorbed in what he had just said. Possibly it had occurred to him that the colossal significance of that light had now vanished forever. Compared to the great distance that had separated him from Daisy it had seemed very near to him, almost touching her. It had seemed as close as a star to the moon. Now it was again a green light on a dock. His count of enchanted things had diminished by one.

F. Scott Fitzgerald, The Great Gatsby

Nick Carraway flyttar til New York for å jobba i "bonds," som so mange andre unge menn etter krigen. Det er glitrande dagar, og trass i at det er midt i forbodstida hindrar ikkje det dei store festane og dei store gestane. Og størst av dei alle er naboen hans der utpå Long Island, Jay Gatsby. Gatsby er eit mysterium, men i løpet av ein sommar lærer Nick han å kjenna som ein som har elska og tapt, men aldri gitt opp håpet. Og håpet hans, det er Nick si gifte kusine, Daisy.

I denne boki blandar Fitzgerald alt eg kan tenkja meg kjenneteiknar 20-talet i Amerika. Det er dei nyrike mot dei gamle slektene. Det er ekstrem glede etter ein avslutta krig og veksande økonomi, men for oss som kan lesa med historiens briller ser me forfallet og fortvilinga i den same hektiske feiringa av livet. Det er mafia og smuglarar, blanda med dei mest glamorøse festar. Og det er jakta på den amerikanske draumen, the selfmade man som kjempar for ein plass i sosieteten, og ein plass i livet. Og alt saman i ein prosa som nesten er poesi. F. Scott Fitzgerald slo aldri gjennom i si samtid, men i ettertida vert denne rekna som ein av dei store amerikanske romanane.

F. Scott Fitzgerald (1896-1940) fullførte berre fire romanar og ein heil del noveller, men vart likevel ein representant for si tid. Han fann opp uttrykket "Jazz Age," som definerer 20-talet, og vert rekna som ein av The Lost Generation, ei gruppe kunstnarar i eksil. The Great Gatsby vart publisert i 1924, men ikkje populær før etter andre verdskrig (sjølv om fyrste filmatisering vart gjort allereie i 1926). Og The Great Gatsby ber med seg mykje av både håpet og håplausheiten i the lost generation:

Gatsby believed in the green light, the orgastic future that year by year recedes before us. It eluded us then, but that's no matter—to-morrow we will run faster, stretch out our arms farther. . . . And one fine morning——
So we beat on, boats against the current, borne back ceaselessly into the past.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Sverre HoemAnne-Stine Ruud HusevågOle Jacob OddenesHarald KRune U. FurbergNinaMads Leonard Holvikingar hTralteKirsten LundsveinMarit HåverstadFrode Øglænd  MalminEvaRandiAHilde H HelsethPiippokattaBente NogvaTone Maria JonassenHilde Merete GjessingLisbeth Marie UvaagBeathe Solberganniken sandvikEllen E. MartolTonje-Elisabeth StørkersenBjørg RistvedtStig TFriskusenElin SkjerengKristine LouiseIngunn SLailaEivind  VaksvikTrygve JakobsenEmil ChristiansenMarianneNBjørg L.Karin BergBjørg Marit TinholtKaren Patricia