Robert myste mot den tjæresvarte trekirken. Med alle sine tak og vinkler var Borgund stavkirke overveldende. Etasje på etasje. Tak på tak. Tårn og spir. Mørk, mektig og mystisk ruvet kirken mot den blendende sommersolen. Dragehoder snerret mot himmelen. Kristne kors og norrøne fabeldyr side om side. Ornamenter og utskjæringer. Men ingen vinduer, ingen glassmalerier. Bare dette mørke, svarte, innelukkede.

Tom Egeland, Katakombens hemmelighet

Når mora, som er arkeolog, finn eit skrin med eit framand smykke i ei vikinggrav ved Borgund stavkyrkje, er det starten på ei krokete og skummel reise for 14 år gamle Robert. Frå Borgund går turen vidare til Roma, der Robert snik seg ned i dei ukjente katakombene under byen. Her møter han både ein munk og ei ung jente, men ingen trur på møtet hans. Då må Robert finna informasjon på eigi hand. Det er berre det at det er nokon som er ute etter det same som han…

Katakombens hemmelighet går rett inn i sjangeren arkeologi/kodeknekkar-blir-detektiv-ispedd-vitskap,-mystikk-og-religion som Egeland deler med til dømes Dan Brown. Han har til og med henta symbol, bygg og plotelement frå si eigi bok Paktens voktere. Tvisten her er at denne boka er for ungdom, og som so funkar den. Særleg likar eg faktaboksane Egeland har sett inn, og variasjonen i typografi gjer at det vert lett å fylgja dei ulike parallellhistoriane. Men eg synes historien vert i lettaste laget, og samtidig som Egeland introduserer ein heil del store spørsmål vert få av dei særleg diskutert. Den dramatiske slutten verkar òg forhasta, og Robert er kanskje litt treig i oppfatninga? Eg reknar med at sjølv yngre lesarar enn meg skjønnar ein del av plottvistane før hovudpersonen gjer det.

Når det er sagt: som introduksjon til spenning/thriller-sjangeren funkar dette. Og som ein måte å få ungdom interessert i arkeologi, historie og symbol er det òg spanande. Dei treng nok òg å få vita at alle arkeologar ikkje har det so spanande som Robert, eller Egeland sin andre helt, Bjørn Beltø, for den del, men det kan dei få oppdaga seinare. No skal alt Egeland skriv takast med ei klype salt eller tredve når det gjeld å få fakta rett, men so sant ein held tunga beint i munnen og skil den faktiske skildringi av t.d. stavkyrkja frå dei usannsynlege funna av ei vikinggrav rett ved murane, kan det passera. I tillegg var jo denne boki eit must for meg, med stavkyrkja på framsida og ei spanande scene plassert i besøkssenteret eg går i sommardag etter sommardag. Var det sjefen min som gjorde ei gjesteopptreden bak disken, skal tru?

Fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolvikAlice NordliVigdis VoldTralteVannflaskeToveThomas KihlmanDolly DuckKirsten LundWencheRune U. FurbergTonesiljehusmorIreneleserEster STove Obrestad WøienLeseberta_23Heidi BBLabbelineNorahTerje MathisenSynnøve H HoelPirelliTone SundlandTore OlsenLailaBente NogvaJarmo LarsenEmil ChristiansenHilde Merete GjessingEgil KristiansenmarithcPerSpelemannOdd HebækMarianne  SkageKarina HillestadKristine LouiseLars MæhlumSverre HoemAnne-Stine Ruud Husevåg