Lite hus – store konsekvensar...
Denne boka er nok den som har vore lesen flest gonger, noko den også ber preg av. Sidan det er nokre år sidan forrige morostund, var eg spent på om den verkeleg fortente terningkastet eg hadde gitt...
Boka vart utgitt i Frankrike i 1934 , og den første norske utgåva kom i 1937. Mi utgåve vart utgitt av Den norske bokklubben i 1973, og har kostelige illustrasjonar av Audun Hetland.
Historia startar med at to menn tek ein spasertur og ein viktig samtale i den vesle franske landsbyen Clochemerle-en-Beaujolais . Dei vert einige om at dei vil gjere noko som viser at byen er moderne og framtidsretta. Og – planen dei legg denne dagen vert sett ut i livet: Det vert bygt ein pissoar, og det midt i sentrum. Dette får uante konsekvensar, spesielt lokalt, men også nasjonalt, og endåtil internasjonalt.....Ein pissoar kan føre til så mangt!
Gabriel Chevallier skildrar den vesle byen, og ikkje minst dei mange ulike innbyggjarane både snedig og humørfylt. Han tek mennesketypane på kornet, ironiserer både med personar og etiske normer – og korleis vi er i ulike settingar: smålige, misunnelige, maktsjuke etc.
Kan berre nemne presten Ponosse, som finn utvegar til å få absolusjon for synda si, (stakkars Honorine, eller?), eller Justine Putet som brått må leve med at umoralen brått faldar seg ut rett utanfor huset hennar.
Eg hadde kanskje ikkje landa på terningkast 6 i dag, men det skal få stå sidan eg har hatt så mange hyggelige stunder – og har ledd godt så mange gonger – saman med dei komiske karakterane i Clochermerle.
( Har lagt inn denne omtalen også under Et forargelsens hus, hadde vore ok om desse to kunne slåast saman, sidan det er same boka)
Viser 2 svar.
Noe til felles med Woodehouse?
Hm, det veit eg dessverre ikkje. Wodehouse har eg berre sett på TV, og det er lenge sidan. Kanskje andre veit....:-D