Tårer og trøyst

Eg såg fram til denne boka, og den skuffa ikkje – trass i at eg innimellom måtte ta nokre lengre pauser i lyttinga, ufrivillig. Historia handlar om ein dansk familie som er såkalla dysfunksjonell – ein familie som prøver å fungere på eit vis - på tross av....

Forteljaren er vesle Alan, 11 år gammal – og alt som skjer får vi fortalt gjennom han. Og det er litt av ei historie, trur eg kan kalle den både tragikomisk og truverdig.
Alan brukar å gå saman med faren i begravelsar, noko han likar ganske godt, sidan faren er ekspert i å få folk til å gråte. Det gir den noko nervesvake faren ein slags status, ei lita trøyst sidan den vesle butikken deira går dårleg. Av og til er det for få dødsfall, så Alan må lage ein plan..

Vi møter også mora som er ekspert i snu seg bort når noko vanskeleg skjer i familien, storesøster Sanne som ikkje er ekspert i noko, men som prøver å finne ein måte å takle dei ufrivillige overnattingane ho må ta på sofaen saman med faren, og storebroren Asger? som bur borte, men likevel er ei støtte for Alan.

Alan prøver å leve så normalt som mulig, men sidan kvardagen har litt for mange utfordringar for ein liten gut, søkjer han også støtte frå sterkare makter: På veggen hans heng skulpturar av skytsengelen Gabriel og Tarzan – og med dei to sammen har han tru på at det må gå bra!

Alan er eit klassisk døme på barnet som prøver å ta ansvar når han ser at familien ikkje fungerer, eller har det vanskeleg. Han finn sine eigne, svært originale utvegar til løysingar, han vil så gjerne hjelpe til når han ser at faren er nedfor og deprimert.

Erling Jepsen formidlar historia med innleving. Skildringa av personar og hendingar er varm og usentimental, ispedd ein god dose svart humor.
Opplesar Trond Brænne får godt fram essensen i boka!
Terningkast: 5

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtHarald KHeidi HoltanChristofer GabrielsenKirsten LundSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetil