Ein sakførar frå den unge byen San Fransisco seglar heim over Stillehavet midt på 1800-talet. I Belgia på 1930-talet har ein ung komponist forelete familien sin. På 1970-talet kjempar ein journalist på den amerikanske vestkysten for at sanninga kring atomsatsinga i området skal komma fram. Ein gamal forleggar vert heldt mot sin vilje på ein gamleheim i England. I eit framtidig Korea går ei ung jente ut over sine fabrikerte gen-grenser. Ein ung mann kjempar for å overleva i ei post-akopalyptisk verd. Og ingen av dei seks historiane står for seg sjølv, men er vevd inn i kvarandre som instrument som spelar enkeltstemmer, men som saman vert ein heilt symfoni.

Kvar del av boka har sin eigen forteljar, og sin eigen sjanger. Me går frå dagbok via brev til detektivroman og memoarar, til intervju og ei avsluttande munnleg forteljing – og når siste person har fått sagt sist går ein attende i motsett rekkefølgje, slik at romanen vert symmetrisk. Eg høyrte denne som lydbok, og kvar del hadde òg sin forteljar. Dette gjorde polyfonien i romanen enno meir framtredande enn det nok vert i papir-form – opplesing er òg ei tolking, og kanskje særleg av eit slikt verk.

Sjølv om romanen, om ein kan kalla boka det, stiller sentrale spørsmål ved sivilisasjonen sin vekst og fall, om moral og menneskelegheit, er det særleg forteljestilen som sit att hjå meg. Ikkje berre lagar historiane eit symmetrisk mønster, men personar går att, personane les eller høyrer historiane til kvarandre – og nett dette gjer alt både meir truverdig og at ein stille større spørsmål ved same truverdet. Korleis kan ei dagbok lesen av ein brevskrivar som er nemnt i ein detektivroman osb. vera noko anna enn fiktiv? Eller noko anna enn verkeleg? Det høyrest komplisert ut, og det er det – men det er nett det som gjer arbeidet med å lesa denne gjevande. Historiane for seg er ikkje banebrytande, eller spesielt oppløftande, men gjennom Cloud Atlas viser Mitchell at det enno går an å leika med romansjangeren.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Kristine LouiseLars MæhlumSverre HoemAnne-Stine Ruud HusevågOle Jacob OddenesHarald KRune U. FurbergNinaMads Leonard Holvikingar hTralteKirsten LundsveinMarit HåverstadFrode Øglænd  MalminEvaRandiAHilde H HelsethPiippokattaBente NogvaTone Maria JonassenHilde Merete GjessingLisbeth Marie UvaagBeathe Solberganniken sandvikEllen E. MartolTonje-Elisabeth StørkersenBjørg RistvedtStig TFriskusenElin SkjerengIngunn SLailaEivind  VaksvikTrygve JakobsenEmil ChristiansenMarianneNBjørg L.Karin BergBjørg Marit Tinholt