Fantasirik og fengande forteljing frå ei post-apokalyptisk framtid, der det som er att av Nord-Amerika er delt inn i 12 fattige distrikt som blir sentralstyrt av overklassen i hovudstaden Capitol på totalitært vis. Som ein del av undertrykkinga gjeng reality-showet "Hunger Games" av stabelen kvart år, der 2 ungdomar frå kvart distrikt blir trekt ut til å kjempe på liv og død om å bli siste overlevande i eit manipulert naturområde. Hovudpersonen og forteljarstemma i boka er den 16 år gamle jenta Katniss, ein av deltakarane frå det 12. distriktet.

Med tanke på at eg korkje likar reality-show eller tanken på at 24 undgommar skal slakte ned einannan på eit avgrensa område er det godt gjort av forfattaren å lage ei så god forteljing at eg blei fengsla av den frå første til siste side. Eg trur, reint bortsett frå at sjølve handlinga er spennende, at det handlar mest om detaljrikdomen i bakgrunnen til hovudpersonen og i skildringa av samfunnet og av naturen. Ei heilstøypt forteljing, eg kan fort finne på å lese dei to siste bøkene i denne trilogien.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn SAstrid SæverhagenTanteMamieTonjeNorahcathyHilde Merete Gjessing