Agnes er flyvertinne, 32 år og dumpa av kjæresten etter eit langt forhold. Knust av kjærleikssorg flyttar ho mellombels til ein leilegheit som far hennar eig. Ho ligg i senga, ser på TV, er deprimert og føler at livet er utan meining. Og det er stort sett kva det handlar om i boka, irriterande nok. Dei beste partia i boka er når forfattaren let Agnes sjå attende på opplevingane i barne- og ungdomstida si. Kan hende er det ikkje så rart at Agnes er blitt den ho er blitt?

Agnes i senga er ei morosam bok, har eg lese i fleire omtalar. Eg ristar berre litt oppgitt på hovudet. Ei vaksen kvinne som oppfører seg som ein 14-åring er patetisk. Eg kjende eg vart irritert av å lesa om den sjølvopptekne og barnslege Agnes-karakteren som legg seg i senga og sørgar over den tåpelege eks-kjæresten sin. Boka hadde vore meir interessant om me òg kunne fått sett Agnes og hennar liv frå ein annan person sin synsvinkel. Heldigvis tyder slutten av boka på at Agnes byrjar å bli klar for Eit liv utanfor senga.

Heidi Linde skriv lett; språkflyt og dialogar er fine. Ho prøver å vera småironisk og humoristisk og ser med skråblikk på den situasjonen Agnes er i. Men historia vert for tynn og dum. Det beste eg kan sei om boka er at ho òg er ganske tynn.

Heile omtalen på bloggen min

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ingvild RosslundHarald KRufsetufsaOdd HebækHilde Merete GjessingReidun SvensliDolly DuckTone SundlandPrunellaEllen E. MartolTheaKaramasov11Aud Merete RambølGroGodemineChristofer GabrielsenBente NogvaBeathe SolbergTor Arne DahlalpakkaJan-Olav SelforsJoannMorten JensenTor-Arne JensenIngvild SBjørg L.Barbro  KnudsenSynnøve H HoelHeidi HoltanHelge-Mikal HartvedtBerit B LieEileen BørresenHanneHelena EDaffy EnglundLeseberta_23Elin Fjellheimingar hTove Obrestad WøienMarianneN