Artig innlegg.

Sidan dette kanskje starta som eit hat mot den norske omsettinga av Harry Potter, kan eg byrja der. Eg er svært nøgd med den norske omsettinga. Eg synes det var sprekt av Høverstad å lage fornorskinga av namna. For det første vil dette gjere karakterane meir tilgjengleg for norske ungar og ungdom, samt at namna si tyding får eigen verdi og eigne bein å stå på i det norske språket. Eg er vokse opp med Harry Potter, og har følgande lese alle bøkene på både norsk og engelsk. Eg må innrømme at eg dei seinare åra har byrja å tenkje på karakterane med dei engelske namna, som er brilliante. Om dette er eit resultat av ein modningsprosess, eller fordi mi evne til å forstå det engelske språket har verte betre, er uvisst. Det som er sikkert er at eg er veldig takksam over den norske namneendringa, eg trur dette var med på å løfte kvaliteten på bøkene i folk flest sine auge. Harry Potter var jo blitt litt norsk. Noko ein kunne relatere til.

Det at namna er litt tullete synes eg funker fint. Det blir som ei slags motvekt til alle dei negative hendinga rundt Harry Potters liv. Foreldrene hans er død, han vert mishandla av slektningane, men når familien heiter Dumling kan det ikkje vere så gale?

Det var vel også ein artig episode i slutten av bok 6, der namneendringa førte til ei avsløring av kven den mystiske R.A.B. var, lenge før bok 7 kom ut. På norsk var dette nemleg omsatt til R.A.S. for oss som nytta (kasta bort?) mykje tid på å analysere vidare hendingar, var dette ganske kosleg ^^

Eg og tenkte også på Stompa i byrjinga av diskusjonen dokkar, og er heilt einig, meir norsk enn Stompa må ein leite lenge etter. Endå eit døme på korleis namneendringar kan nyttast for å vekke fedrelandsstolthet (her nyttar eg ironi, eg er nemleg ikkje nasjonalist, men glad i nynorsk, det er eg!)

Eg les både på norsk og engelsk (eg har ved eit enkelt høve lese den første Harry Potter boka på fransk, noko som kanskje ikkje er ein så veldig stor prestasjon sidan eg kunne innholdet på rams..). For nokre år sidan kunne eg truleg lira av utsagn som. "Eg les berre på engelsk, norsk omsetting er drit", dette har eg slutta med. Eg trur kanskje denne haldninga kom av arroganse, eg ville vise meg sjølv (og heile verda) at eg beherska det engelske språk vel så godt som det norske. For ei tid tilbake snakka eg med ei bibliotikardame (rart ord?), altså ein kvinnleg ansatt ved eit bibliotek. Ho såg litt skummel ut, men var eigentleg snill. Eg prøvde meg på ein, "eg lese like godt norsk som engelsk", og vart blåst av med eit "pøhfff! uansett kor godt ein lese engelsk, kan det ikkje måle seg med den forståinga ein har for morsmålet." Dette fekk meg til å tenkje litt. Kanskje eg også vart litt meir ydmyk (neppe).

Likevel er det untak. George Martins fantastiske serie "the Song of Ice and Fire", som lenge har vore ein favoritt, men, som brått har verte mindre fantastisk etter at alle skal like den (Skjøge - selger seg for alle! Argh), er eit døme på ein serie som eg aldri kjem til å lese på norsk. For meg vil ikkje det fungere. Snobberi? Nei. Men dette universet har verte malt for meg på engelsk og då er det gjennom det engelske språket eg kjenner det.

Seinast i går måtte eg slå opp ordet eksekusjonspeletong.

Digresjon: Eg er også glad i musikalar, og dei siste vekene er det ikkje Les Miserables som har vore av interesse (filmatiseringa av musikalen var bra med tanke på det visuelle, men akk, Anne Hataways hikstande tolking av I dreamed a dream rørte meg ikkje), men The Rocky Horror Picture Show. Ein av dei sangane frå denne musikalen som eg har høyrt på med størst iver er Touch-A, Touch-A, Touch Me. Eg sitter altså aleine heime og styrer med mitt og lyttar til Rocky Horror på spotify (som forresten har fått ein grusam, ny, moderne layout) då det brått dukkar opp ei ny stemme, på norsk. Eg vert berre sittande mållaus å lytte, for noko meir vulgært hadde eg ikkje høyrt sidan eg prøvde å lytte til ein kald dag i helvette av Ragde. Sangen heite Ta Meg, Ta Meg, og handlar om ei jomfru som er klar til å miste møydommen. Men sjølv om innholdet i teksten var på kanten var det gjennkjenninga av stemmea til Kari-Ann Grønsund som gjorde størst inntrykk. At den koselege blomsterhandlaren frå barnetvserien Lillys butikk kunne synge om "våte truser", "bruk meg som et ludder" og "suge strålen" var litt i det sterkaste laget for meg.

Kvifor traktar vi då etter å lese bøkene på orginalspråket? Prestisje? Snobberi? Fordi ein kan? Eg veit ikkje. Eg les veldig mykje forskjellig, men fantasy og grafiske romanar er noko som verkeleg går unna. Dette er genrer som skjeldent vert prioritert når norske forlag setter seg ned og velgjer kva dei vil omsette til norsk (eg veit lite om denne prosessen, men eg trur det er fleire damer enn menn i denne komiteen, dette trur eg av kjønnsdiskriminerande grunner). Tilgjenge er altså ein begrensande faktor. For meg er det ein anna ting som er like viktig som språket, nemleg kor fort eg kan få tak i boka. Må eg vente meir enn 10 minutter vert eg irritabel, dette er vel eit resultat av at ein lever i tid der ein kan finne det meste på nettet. Eg er også av den oppfatning at det ikkje er av eiga interesse å betale for ei tekstfil, som tilfeldigvis havnar på pcen min. Likar eg innholdet i teksten får den ein hedersplass i bokhylla mi, ved eit seinare høve. Er eg ein tjuv? Nei! Eg berre lånar litt.

Mi gamle bestmor ropte forresten på kattane sine på både norsk og engelsk når ho stavra seg ut på tunet for å mate det. "Pus! Pus! Pussy-pussy! Og alle kattane kom springande. Eg la ikkje merke til at dette kunne verte misoppfatta før ei veninne av meg, som tilfeldigvis også hadde den skavanken at ho var utvekslingsstudent frå Belgia, braut ut i latter då ho vart vitne til dette matritualet.

Eg bannar aldri på engelsk. Dunkar eg tåa er det gode gamle f**** (slang for kvinneleg kjønnsorgan på 5 bokstavar) tilstrekkeleg.

Kan eg formulere ein konklusjon? Kanskje. Eg trur at framandgjeringa er ein viktig faktor når det kjem til dette med nordmenn og andrespråket. Det engelske språket er tilgjengleg for oss, men samtidig noko som vert litt "eksotisk". Vi er stolte over å kunne det og derfor nyttar vi det.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Veldig artig innlegg! Jeg er enig i mye.... Og kjenner meg igjen i den litt overdrevne troen på egne engelskkunnskaper, som en ivirg engelskleser/anglofil... :)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fantastisk! "Suge strålen"! Jeg flirte meg skjev! Sier kanskje litt, at det er det som festet seg mest av alt i innlegget ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Beathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHanne Kvernmo RyeHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbeline