Jeg kan ennå huske den morgenen da far for første gang tok meg med til
De glemte bøkers kirkegård. Det var en av de første i den lange rekken
av sommerdager i 1945, og vi vandret gjennom gatene i Barcelona som
var fanget under en askegrå himmel og en dampende sol som strømmet
over Rambla de Sankta Monica i en girlander av flytende kobber.

Carlos Ruiz Zafón, Vindens skygge

Når Daniel er ti år, tek faren, bokhandlaren, han med til De glemte bøkers kirkegård. Han må lova å aldri fortelja om staden, og får lov til å ta med seg ei bok. Den han vel, grip tiåringen med hud og hår, og Daniel vil berre vita meir – meir om Vindens skygge, og meir om forfattaren Julian Carax. Men i eit Barcelona som enno kjem seg – eller ikkje kjem seg – etter borgarkrig og verdskrig, er det fleire som leitar etter Carax, og fleire hemmelegheiter enn det som godt er som skal nøstast opp.

Vindens skygge er ein kriminalroman med eit mysterie som skal løysast. Det er ein thriller og ein spøkelseshistorie, med mektige menn og ugriplege skuggar. Det er ein historisk roman, både frå vårt perspektiv og frå romanen si samtid, og det er ein kjærleiksroman. Det handlar om kjærleiken til den ein aldri kan få, til den ein skal få, til familie, til litteraturen og til byen. For på mange måtar er Barcelona òg ein aktør i boki, kanskje enno meir no andre gong eg les den og prøvde å navigera i gatene saman med Daniel og hans vener, enn fyrste gong, når eg sat gripen av historia og spenninga.

Den største svakheiten ved romanen er kanskje at det ikkje er heilt klårt for lesaren kva som står på spel. Eg har iallefall problem med å gripa Daniel sin store fasinasjon for Carax til å byrja med – men etterkvart som mysteriet vert meir og meir personleg for Daniel og andre impliserte, vert det det for lesaren òg, som – iallefall viss lesare er meg – sit me hjarta i halsen og skvett til etter kvart som sanninga kjem for dagen. Dei litt pompøse skildringane av stemning og by gjer òg til tider sitt for at ein kan falla av – medan dei andre gonger grip tak og dreg ein inn i eit vått og kaldt og snødekt Barcelona, noko heilt anna enn det ein ser i turistbrosjyrar. At dette er vår nære fortid, er òg med på å gjera miljøet i romanen enno meir medrivande.

Carlos Ruiz Zafón (f. 1964) bur i Barcelona, og ga ut fleire romanar for både unge og vaksne før Vinden skygge (La Sombra Del Viento) i 2001. Etter denne gav han ut Engelens spill, som er ein forløpar til handlingane i Vindens skygge. Nyaste bok i serien, Himmelens fange, kom ut i 2011.

(fyrst publisert her)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolvikAlice NordliVigdis VoldTralteVannflaskeToveThomas KihlmanDolly DuckKirsten LundWencheRune U. FurbergTonesiljehusmorIreneleserEster STove Obrestad WøienLeseberta_23Heidi BBLabbelineNorahTerje MathisenSynnøve H HoelPirelliTone SundlandTore OlsenLailaBente NogvaJarmo LarsenEmil ChristiansenHilde Merete GjessingEgil KristiansenmarithcPerSpelemannOdd HebækMarianne  SkageKarina HillestadKristine LouiseLars MæhlumSverre HoemAnne-Stine Ruud Husevåg