I grabbed my book and opened it up. I wanted to smell it. Heck, I
wanted to kiss it. Yes, kiss it. That’s right, I am a book kisser.
Maybe that’s kind of perverted or maybe it’s just romantic and highly
intelligent.

Junior er 14 år gamal, stammar, lespar, har store føter og stort hovud og er liten elles. Han er ikkje god i sport, har berre èin god ven og teiknar teiknseriar på fritida. Men so vert han noko heilt spesielt – han vert den som forlet reservatet. Han reiser 22 miles kvar veg for å gå på ein kvit skule i ein kvit småby med kvite medelevar og eit basketballag der han kan hevda seg.

Life is a constant struggle between being an individual and being a
member of the community.

The Absolutely True Diary of a Part-Time Indian er ei ungdomsbok om livet til ein moderne indianar, med alle problem og goder det medfører å høyra til ein stamme og eit reservat. Her er det venskap og familie, alkohol, fattigdom, rasisme og dødsfall, ei leiting etter eigen identitet, etter stammen sin identitet – og problem med jenter, slåsskampar og mattebøker. Romanen er fortetta og fortalt heilt frå Junior sitt perspektiv, men stoppar likevel opp kvar gong Junior forklarar lesaren sin litt av opplevinga av å vera (delvis) indianar i Amerika i dag. Eg likar det godt, men eg veit ikkje korleis boki fungerer i ein indiansk eller delt kultur.

Alexie har tidlegare, til dømes gjennom novellesamlinga The Lone Ranger and Tonto Fistfight in Heaven, gitt meg eit innblikk i ein del av mi eigi samtid eg ikkje veit noko om. Det er nett det mange andre påpeikar som ein styrke ved True Diary òg – den gir eit ganske sobert og skarpt bilete av urbefolkinga i Amerika sine levekår i dag, utan å dela ut skuld (eller kanskje skulda like mykje på begge sider), og utan å forherliga den eine eller andre kulturen. Me lærer ofte om 1800-talet, men kva med 2000-talet? Her fyller Alexie eit gap i kunnskapane våre, på same tid som han gjer det med stor respekt, innleving og humor. Junior er indianar, javel, men han er òg fjorten år og amerikanar.

Sherman Alexie (f. 1966) debuterte som poet i 1992, og det fyrste prosaarbeidet hans var novellesamlinga The Lone Ranger and Tonto Fistfight in Heaven (1993). Fyrste roman var ei utviding av temaet og karakterane frå Lone Ranger, i Reservation Blues frå 1995. The Absolutely True Diary of a Part-Time Indian (2007) var den fyrste ungdomsboki til Alexie. Mykje av det han skriv bygger på hans eigen oppvekst på Spokane-reservatet i Washington, mellom anna True Diary, som vert rekna som delvis biografisk. Den fekk prisen National Book Award for Young People’s Literature i 2007, medan lydboki, som eg høyrte og som vert lesen av forfattaren sjølv, fekk pris for beste lydbok for unge av American Library Association i 2008.

(fyrst publisert her)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kristine LouiseLars MæhlumSverre HoemAnne-Stine Ruud HusevågOle Jacob OddenesHarald KRune U. FurbergNinaMads Leonard Holvikingar hTralteKirsten LundsveinMarit HåverstadFrode Øglænd  MalminEvaRandiAHilde H HelsethPiippokattaBente NogvaTone Maria JonassenHilde Merete GjessingLisbeth Marie UvaagBeathe Solberganniken sandvikEllen E. MartolTonje-Elisabeth StørkersenBjørg RistvedtStig TFriskusenElin SkjerengIngunn SLailaEivind  VaksvikTrygve JakobsenEmil ChristiansenMarianneNBjørg L.Karin BergBjørg Marit Tinholt