Veker og helger kjem og går, og ingenting går verken inn i eller ut av mine bokhyller, kjennest det som. Eg har enno ikkje sett enden på krigen i Halldis Moren Vesaas si I Midtbøs bakkar (sjølv om det nærmar seg), og mysteriet i Vindens skygge av Zafon er like stort for meg enno. Det som har bevega seg litt er lyttetida. Eg har flytta meg nokre år framover i Greven av Monte Cristo denne helgi - noko som førte til emosjonelle utbrot på bussen tidleg ein søndag morgon. Eg hadde gløymt kor god den boki er! Diverre er semesteret godt i gang, og pensum og dårleg samvit skuggar for koselesingi...
Viser 1 svar.
Samme føler jeg ;)