Fengande og brukbart intrikat historie i middelalder-setting. Forfattaren held historia gåande langs fleire ulike trådar som med godt handverk vevast saman. Hovuddelen av historia gjeng føre seg i ein avsidesliggande del av sør-Frankrike, men fleire av historie-trådane tek lesaren med til andre delar av Frankrike og Europa, og ikkje minst til miljøet og intriger rundt pavesetet i Roma som er sentralt i boka. Detaljane i plottet blir avslørt i passe tempo, steminga er passe uhyggelig, der er passe groteske skildringar av død og tortur, og boka er passe lang. På alle måtar ei passeleg bok.

Den kanskje sterkaste grunnen til at eg ikkje triller ein 6'ar er at språk og ordval ikkje alltid bygger opp under middelalder-stemning, i det minste til min snevre og uopplyste oppfatning om kva som burde vere middelalderstemning. Snever og uopplyst ja, det var nemlig slik at eg fleire gangar reagerte på ting som var skildra i boka og tenkte "så langt kan dei ikkje ha kome på slutten av 1200-talet". Men dei gangane eg tok meg bryet med å sjekke med Wikipedia så kunne dei aktuelle skildringane forsvarast. Derfor har eg brukbar tillit til at det er historisk substans i det meste av skildringane i boka.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Beathe SolbergPiippokattaBård StøreAnne Berit GrønbechKirsten LundMarteSynnøve H HoelLisbeth Marie UvaagrubbelLinda NyrudSolBjørn SturødAlice NordliLailaGro-Anita RoenTore HalsaAleksanderToveAnniken RøilDemeterElin FjellheimPer LundAkima MontgomerySigrid NygaardJørgen NTorill RevheimAndreas HesselbergLene AndresenIreneleserEli HagelundReadninggirl30EvaTine SundalHanneStig TVannflaskeVibekeGodemineBjørg L.Jane Foss Haugen