Eg går i gang med rettebunkane denne førjulshelgi, og dei mange planane må nok venta litt. Men eg har hatt nesten ei veke fri, og ferda i dag både Hobbiten, eller Ditut og attende og lydboki eg har høyrt dei siste månadane, The Wise Man's Fear av Patrick rothfuss. Begge med vemod, då begge er, eller har blitt, favorittar.
Til trøyst i eksamensrettinga har eg valt meg ut Meet me at the Cupcake Cafe av Jenny Colgan. Coveret var passeleg rosa... På øyra har eg valt Greven av Monte Cristo (desverre lesen på engelsk, men eg kan jo ikkje fransk, og fann inga god norsk innlesing).