Når det gjeld kos: Ein kar skal eingong ha sagt til Johan Borgen at han skulle heim og kose seg med ei god bok. Da skal Borgen ha sagt at denne karen måtte bestemme seg: Enten måtte han kose seg, eller så måtte han lese ei god bok. Eg prøver å lese gode bøker, og så får vi sjå kva det blir til med kosen. Eg har lese 176 bøker til nå i år. Årleg lesing bruker å variere mellom seksti og hundre, men i år har eg fått lese riktig så mykje.
Viser 2 svar.
Det var mye ja!!
Kjernespørsmålet er likevel noko som svigerfar min elska å fortelja om Martin Tranmæl, som ein gong skal ha vore heime åt rin kar med mange og fulle bokhyller. "Har du lese alt det der?" hadde Tranmæl spurt. "Ja," var svaret. "Har du skjønt noko av det, da?" sa Tranmæl.