Plottet og handlinga i boka ligg i spennet mellom komedie og tragedie, komedieaspektet er i hovudsak representert ved ungkaren Will som set seg sjølv i pinlige situasjonar i jakta på passe uforpliktande forhold til damer, medan situasjonen til unnguten Marcus er heller tragisk, med mobbing på skulen og ei mor som lir av alvorlege depresjonar. Dei to hovudpersonane møtest via ei kontaktgruppe for einslege foreldre, og dei utviklar eit venskap som begge veks på i løpet av boka.

Hornby skriv godt, der der scener som kallar på gapskratten og dei meir tragiske skildringane av Marcus sin situasjon balanserer fint mellom å vere for lettbeinte på eine sida og på å skli over i det sentimentale på den andre sida. Men skrivestilen blir av og til i overkant ordrik og omstendelig. Dette var andre Hornby-boka eg las på rappen, og sjølv om boka båda var underhaldande og mana til ettertanke tek eg nok ei pause før eg eventuelt gjeng laus på ei av dei andre bøkene hans.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

NtotheaLilith NagelMorten JensenMargrethe  HaugenKirsten LundEivind  VaksvikTheaAnn ChristinJulie StensethGretheFVibekeMarit HåverstadRandiAStig TTine SundalNorahAndreas HesselbergAvaWencheHarald KG LsvarteperINA TORNESEvaIngebjørgVannflaskeFrode TangenSolveigLinnAnne Berit GrønbechReadninggirl30BertyLailaRandielmeIngunn SEllen E. MartolTanteMamieTor-Arne JensenAkima Montgomery