Eg er heilt einig, kommentaren min passa i grunnen ikkje inn i denne konteksten. Og mi uvilje mot det dekadente stjernesystemet, burde ha vore lagt frem ved eit anna høve eller i ein eigen diskusjon.

Eg skjønar at "beste innlegg" kan vere nyttig i nokre samanhengar, men det er skjeldent at det er gode bokomtalar eller sitat som dukkar opp der. Det er dumt, for det er særleg desse som burde kome frem i lyset. Ikkje tøvete diskusjonar om (t.d.) kor vidt du likar å lese med lyset av eller på.

Ja ein kan undre seg over bruken av ordet "småhysteri". Eg er usikker på kva som ligger i dette omgrepet og manglar i grunnen kompetanse til i det heile å utale meg om andres hysteri, men ved nokre høver har eg likevel følt at det har vore nettopp hysteri (i små mengder) rundt dette med stjernene. Eg tenkjer her på (m.a.) dei klagemeldingane til administrasjonen, der bokelskarar har merka seg at eit par har verte vekke over natta, og ynskjer å få dei att - her er det i alle fall litt spor av hysteri (kanskje).

Uansett om nokre bokelskarar er småhysteriske eller berre over gjennomsnittleg opptekne av stjerner, så er det ikkje min sak. Men ein kan no draume om eit utopisk bokelskere med mindre stjernehysteri og meir fokus på bøker, og lange bokomtaler.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Jeg er jo på mange måter så enig med deg, og følte meg derfor litt urettmessig uthengt som småhysterisk stjernejeger, - jeg var jo ikke på stjernejakt!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ikke jeg heller!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

FriskusenIreneleserJørgen NHilde H HelsethTor-Arne JensenElin Katrine NilssenHeidi LWenche VargasJakob SæthreMorten MüllerFarfalleToveElisabeth SveeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAkima MontgomeryLars MæhlumNinaBjørg L.DemeterVidar RingstrømBenedikteSvein Erik Francke-EnersenKjell F TislevollSiljeØystein Espeseth-AndresenJakob Lund KlausenTorill RevheimKirsten LundHarald KOddvarGritaolinemay britt FagertveitPia Lise SelnesRolf IngemundsenTine SundalelmeNabodamaWencheLisbeth Marie UvaagSynnøve H Hoel