Eg merka meg artikkelen i Dagbladet, den var interessant. Eg meiner likevel at sjølv om det er ein del middelmådige mellom dei nye norske krimbøkene, så er eit stort fleirtal lesverdige, spennande og med gode og uforutsigbare plott.
Du har forresten ikkje mange norske krimbøker i boksamlinga di? Ingen?!
Du bør prøva nokre få forfattarar før du uttalar deg om kor kjedelege norske krimbøker er. Innlegget ditt luktar litt stramt av fordommar mot krimbøker.
Viser 5 svar.
Eg må innrømme at eg nok etterkvart har opparbeidd meg ein del skepsis (kall det gjerne fordommar) mot sjangeren. Dette er jo etter ein del skuffelser i samband med lesing av krim.
Eg har heller ikkje lese veldig mykje krim nei (ps! Eg legg ikkje inn bøker eg ikkje fullfører i boksamlinga mi), men det eg har lese skal jo vere blant dei beste. Og når dei ikkje er betre enn middelmådig, ja, då blir eg skuffa. Har lest Stieg Larsson (riktignok ikkje norsk, men dog), og det skal jo vere det beste av det beste innan sjangeren. Middelmådig litteratur. Spennande til tider, men hugsar nesten ikkje kva boka handlar om lenger. Tok jo heilt av etterkvart. Har begynt på Tom Egeland (Lucifers evangelium), Anne Holt (hugsar ikkje kva bok), Jo Nesbø (Panserhjerte) og enkelte andre.
Bøker fulle av klisjear og urealistiske hendingar. Som sagt; heilt greitt, men ikkje meir. Spennande og får tida til å gå, men det er ikkje mitt kriterium for ei god bok.
Hovedproblemet, slik eg ser det, er at poenget er berre å finne ut kven morderen er. Hadde norsk krim prøvd på meir enn berre det å vere ein pageturner så hadde det nok blitt betre litteratur av det og.
Bra du blei provosert, var litt av poenget :)
Takk for svar, eg forstår no at du har "vore innom" krimsjangeren. Eg forstår òg kva du meiner, men eg er ikkje enig. Det er heller ikkje så nøye. Hadde alle likt det same, ville det vorte kjedeleg.
Eg er elles heilt enig med Ekelund i at Minnesota-trilogien er svært bra. Du bør prøve Drømmenes land, De døde og Ravnene av Vidar Sundstøl.
Ja, eg har høyrt mykje bra om den trilogien. Tenker at eg må prøve den neste gong eg prøver meg på ei krimbok.
Er vel ikke sikkert han har lagt inn alt han har lest... :)
Det er eit poeng, kanskje eg var for rask. Eg vart litt provosert :)