Har nett lese ferdig Per Petterson si siste bok - "Jeg nekter". Eg las boka straks etter at eg var ferdig med Bror Hagemann sin roman "De fordømte", som på sett og vis er i same sjanger, og det vart difor til at eg automatisk samanlikna dei to bøkene. Det var sjølvsagt ikkje rett å gjera det, men det var no slik eg likevel gjorde det. Der Bror Hagemann si bok er konsist og stramt regissert, kan "Jeg nekter" til tider verka litt vel ordrik og omstendeleg. Dessutan vil ein alltid halda Per Petterson sine bøker opp mot "Ut og stjele hester" - og det er sjølvsagt heller ikkje rett.

Når alt dette er sagt, så er dette etter mi meining ei bra bok. Veldig bra. Sjølv om det var saker og ting der eg ikkje vart heilt klok på. "Jeg nekter" handlar om dei to kompisane Jim og Tommy, som veks opp på den vesle staden Mørk på 60-talet, ein gudsforlatt bygd utanfor Lillestrøm ein plass. Me følgjer dei i eit døgn i 2006, frå ein tidleg morgon til morgonen etter, kvar for seg - bortsett frå eit kort møte i byrjinga av boka. I ei rekkje tilbakeblikk, skrivne i både første og tredje person - og på same vis med andre personar i forteljinga - får me etter kvart rulla opp ein vond barndom og ungdom først og fremst for Tommy, som endar opp som eit kasus for barnevernet til slutt, med ein brutal far og ei mor som har stukke sin veg, men heller ikkje Jim har det så lett. Tommy har alle odds mot seg - likevel er det han som har gjort karriere som vaksen, medan Jim strir med seg sjølv og til slutt bestemmer seg for å gjera slutt på alt saman.

Måten denne historia blir fortald på, med ei rekkje stemmer i eg-form, og stundom i tredjeperson, stundom som tilbakeblikk og stundom i notid, verka litt forvirrande i byrjinga, men etter kvart såg eg at det knapt kunne gjerast på nokon annan måte. Ein fantastisk flott måte å komponera ei bok på! Det må ha kosta Per Petterson ganske mykje tenkearbeid.

Eg likar stemninga og miljøet i Per Petterson sine bøker. Det er ein stillferdig kvardag som blir skildra, jamne kvardagsmenneske, men like fullt ligg dramatikken bakom heile tida. Boka er ganske omfangsrik, det er sikkert ein masse episodar og avsnitt som kunne vore kutta heilt ut og gjort komposisjonen strammare. Men også dette må ha vore eit medvite val frå forlaget og forfattaren si side.

Delar av forteljinga er så stillferdig at eg kanskje ikkje fekk med meg alt. Kva skjedde med dei to gutane på vatnet, då dei trudde at isen ville bresta? Var det då Jim fekk ein brest i forholdet til Tommy? Kvifor prøvde Jim å ta livet av seg - og kvifor avviser han Tommy etterpå? Kva er det han forlanger for at venskapet skal bli bra igjen?

Boka endar dessutan med eit spørsmål. Når Jim fram til brua og hengjer seg, eller møter han Tommy og alt blir bra mellom dei? Kanskje det er berre eg som tolkar det slik - men for meg, i det minste, var det ein fin slutt på boka.

Kort sagt - god bok for både gamle og nye Petterson-fans!

Godt sagt! (21) Varsle Svar

Sist sett

Helge-Mikal HartvedtKirsten LundHarald KRune U. FurbergLilleviIngunn SBjørn SturødCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarte