Viss du ser Mansfield Park i ein historisk kontekst, er den veldig bra. I si tid vart den reikna som ei av Austens beste bøker. Den tek opp aktuelle tema i samtidas til Jane Austen. Mange andre forfattarar skreiv liknande bøker på same tid. Ein viktig ting er at ho nytta seg av ein narrator/forteljar som var uovergått på hennes tid. Ho tek dessutan opp kva teateret kan gjere med deg, korleis du skil skodespel frå verkelegheita og ordentlege kjenslar. Maria trudde jo t.d. at Henry Crawford faktisk elska ho, pga. rolla han spilte i teaterstykket dei satt opp, noko som ikkje stemte, og som førte til skandalen kor Maria var utru og blei "kasta i unåde". Eg kan kanskje vere enig i at det er litt Askepott-historie i det heile, men det synst eg går greit, fordi boka mykje meir er ein kommentar på samfunnet (det at formua til Bertram er bygd opp på slavedrift, sosiale skilnadar og den ubehagelege rolla Fanny blei satt i som ei blanding av familiemedlem og tjenestepike) enn ein kjærleiksroman.
Ellers kan eg tilrå "Stolthet & Fordom" eller "Fornuft & Følelse" om du vil ha litt meir action og uforutsigbare karakterar. Og eg kan jo også tilrå Charlotte Brontë si "Villette" eller "Jane Eyre" eller Emily Brontë si "Wuthering Heights"/"Stormfulle Høyder" om du liker uforutsigbare plot. :)