Einig med Marit dette kan ikkje vere nyttig for mange.
Ingen av dei 32 bokelskarane som var lista opp på mi side, har lese meir enn 30 bøker. Og dei bøkene som er til felles er stort sett av populærforfattarar som til dømes Jo Nesbø, Dan Brown og Camilla Läckberg. Dette er forfattarar som seier lite om min lesesmak.

Det er betre å vise ei liste med bokelskarar etter kor mange bøker ein har felles fordi:
1.) Ein då gjerne vil få opp bokelskarar med store boksamlingar. Slike samlingar inneheld ofte mykje snadder!
2.) Bokelskarar med store boksamlingar er gjerne aktive brukarar med ei "dynamisk bokhylle"

Det er klart at bokelskarar som har lese manga bøker ikkje nødvendigvis vil ha lik lesesmak med dei som dei deler felles bøker med, men dette er vel på ingen måte noko problem.

For å finne bokelskarar med lik lesesmak må ein nesten berre gå inn på dei bøkene ein er interessert i å finne andre følgarar av, å trykke på dei. Dette har jo vorte enklare sidan det no vert vist portrett av brukarane som følgjer boka på sida med bokinformasjon.

Men, eg saknar å kunne søke i "Bokelskere" etter brukarar med felles bøker

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Det er betre å vise ei liste med bokelskarar etter kor mange bøker ein har felles

Ok, du har overtalt meg. Vi endrer denne sorteringen!

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Sist sett

VariosasomniferumHilde AamarithcEivind  VaksvikKirsten LundJane Foss HaugenHarald KRandiVannflaskeAnette STanteMamieHilde VrangsagensiljehusmorIngvild SLeseberta_23IreneleserKaramasov11Geir SundetKari-AnneLilleviCicilie FagerlidRandiTor-Arne JensenDolly DuckBente L.Sissel ElisabethJan-Olav SelforsBerit RKetilTor Arne DahlJohn LarsenLailaMads Leonard HolvikMarianne MPerSpelemannBeathe SolbergToveInge KnoffSynnøve H Hoel