Amerikanske Frederic Henry er sanitetsoffiser i den italienske hæren under fyrste verdskrig, og ligg i krig mot austerrikarane sør i Alpane. I ein av dei fyrste offensivane han er ein del av vert han alvorleg skadd, og på sjukehuset i Milano vert han nærare kjent med den engelske sjukepleiaren Catherine. Attende i krigen verkar alt enno meir meiningslaust.

“Så rart, tenk å være i den italienske armé.”

“Jeg er ikke egentlig i hæren, bare i ambulansen.”

“Det er rart likevel. Hvorfor er De det?”

“Jeg vet ikke,” sa jeg. “Det er ikke alltid noen forklaring på allting.”

Hemingway er kjent for ein svært knapp, nærast minimalistisk, stil, der skildringar vert nedprioritert og berre det mest naudsynte er med. Dette gir romanane hans ein nesten kald tone, men der dei sterke kjenslene og undertonane slår enno sterkare gjennom enn om ein skulle dvelt ved dei og forklart i kvar minste detalj.

Det vert og påstått (mellom anna i etterordet i mi bok, skrive av Hans H. Skei) at Hemingway dyrka maskuline, fysiske ideal, og at hovudpersonane hans er “menn utan kvinner.” Det kan langt på ved stemma, kjærleiken til Catherine vert til dømes meir fastslegen enn skildra:

Gud vet at eg ikke hadde villet bli forelsket i noen. Men Gud skal vite at jeg var blitt det […]

Likevel er lukka Fred finn hjå Catherine det som best viser absurditeten i krigen, sjølv om kjærleik og lukke er lite handfaste storleikar. Det er berre i små augneblinkar utanfor samfunnet at ein kan vera lukkeleg.

Farvel til våpnene vert rekna som delvis biografisk, sidan Hemingway sjølv jobba som ambulansesjåfør ved den italienske fronten under fyrste verdskrig. Skei påstår at Farvel til våpnene er ein “anti-krigsromansom syntes å fange inn hva en hel etterkrigsgenerasjon mente om krig og heroisme.”

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Heidi HoltanTove Obrestad WøienSigrid Blytt TøsdalLailaAnitaINA TORNESJohn LarsenCaroline Ekornes JohannessenBerit B LieTralteHege LMorten BolstadAkima MontgomeryLinnPrunellaVigdis VoldRandiASissel ElisabethDemeterRonnyInger-LiseFrode TangenAnneWangHeidi LTone Maria JonassensvarteperAnneLars MæhlumHilde H HelsethGrete AmundsenHarald AndersenEllen E. MartolPiippokattaHanne MidtsundAnne-Stine Ruud HusevågTonesen81Kirsten LundAnn ChristinBjørn SturødReadninggirl30