Når eg brukar sida på ein netbook/minilaptop, så blir hovudinnhaldet fortrengt av overskrifter og andre element, slik at eg må skrolle for å i det heile tatt finne det. I mitt døme kunne t.d. Diskusjoner-overskrifta fjernast heilt, og noko kunne gjerast med Bokelskere-logoen for å få den til å gli inn høgare oppe på sida. Det er i grunnen også litt pussig å ha to menyar; her har ein jo ein personleg meny som heiter Min side, og ein annan oppe til høgre. Når det også er to søkeruter blir det fort sjåande ut som om det heile kunne slankast drastisk, og i alle fall omrokkerast for å bruke plassen betre. Sjå til dømes på ei side som last.fm, der logo, personleg meny, søkerute og innhaldsmeny er plassert på same linje øverst.
(Ellers forstår eg at det trengs visse kompromiss dersom same design skal fungere på touch-skjermar og andre maskiner, men det kan eg ikkje forhalde meg til som brukar.)
Viser 2 svar.
Flere av forslagene dine er nå implementert!
Logoen er ennå like stor, men den kunne nok også krympes.
Mange gode poeng her, mye plass kan spares. Lite er tilrettelagt for små skjermer.
Skal ta en kikk på dette!