Ikkje så lett, ser det ut til, å orientere seg om gamlelandet når ein er på den andre sida av jordkloden: Mario Vargas Llosa var i Litteraturhuset i november, trur eg at det var, og etter å ha vorte intervjua av ein journalist sette han seg ned og signerte bøker. Eg hadde med La fiesta del chivo, og da eg rekte fram boka, sa eg om lag dette:
Es la mejor novela del siglo XXI. He estado en Santo Domingo, he estado en Moca, leyendo su libro ...
Handlinga går nemleg føre seg i m.a. dei to byane Santo Domingo og Moca i Den dominikanske republikken, og der har eg vore, og eg hadde med romanen dit. Så såg han på meg, sa
Mucho gusto -
og skreiv signaturen sin i eksemplaret mitt. Så sa eg
Muchas gracias, señor -
og da var samtalen over. Men litt stort likevel!
Viser 1 svar.
Så gøy! Ja, må jo være ganske stort bare det å få fått vekslet noen få ord med han. Gleder meg stort til å få lest noen flere av bøkene hans!