Det er litt unaturleg å omtala ei bok før ein har lese ho ut, men likevel...:

I skrivande stund har eg lese omlag halve boka (290 sider av totalt 600), og det er eit imponerande stykke arbeid Tom Egeland har nedlagt her.

Dette er ikkje ei bok du tek med på senga. For det fyrste er ho altfor tjukk og tung til det, og for det andre krev boka at du er heilt vaken når du les. Her er massevis av informasjon; namn på personar og stader, merkelege kodar, gamle manuskript og mystiske spådommar, hendingar på ulike stader og til ulike tider, samt mord og drap og kidnapping. Verkeleg ei bok for vidarekomne, på ein måte. På den andre sida er Egeland ein så dyktig historieforteljar at boka likevel er lettlest.

Dette er den fjerde boka med arkeologen Bjørn Beltø som hovudperson. (Dei andre er Sirkelens ende, Paktens voktere og Lucifers evangelium). Beltø er både helt og antihelt; ein fin og sær type.

Boka er "Da Vinci-koden"-aktig, men eg har meir sans for Tom Egeland enn Dan Brown!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Viser 6 svar.

Eg er heilt einig i det du har skrive her. Nostradamus testamente er ei interessant, spennande og lærerik bok. Tom Egeland er ein god og kunskapsrik forfattar. Utruleg så mykje kunnskap om historie, religion og religionsfilosofi han formidlar i bøkene sine. Likevel klarer han å få heilstøypte,fengande og rimeleg lettlesne romanar rundt det. Håpar det kjem ei ny bok om Bjørn Beltø, - og eg er veldig spent på kva historisk stoff forfattaren vil ta for seg då.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kjøpte boka tidligere i dag, og nå gleder jeg meg bare enda mer til å lese den! Har virkelig troen på denne!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne ble jeg nå inspirert til å lese. Har lest de tre andre

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Flott!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Akkurat lest ferdig denne, og digger disse fire bøkene om Beltø, og denne va lenge etterlengta. Det e jo bøker som krever litt av leseren, det sier Egeland sjøl òg. Men så utrolig godt skrevet. Og veldig fine bøker å ta fram igjen etter en stund, og lese på nytt, for det e så masse å få med seg. Og ja, Egeland e mykje bedre enn Brown. Brown sine bøker e litt sånn kiosk-litteraturaktige.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Akkurat ferdig med boka, og kan oppsummera med at det er ei velskriven bok med ei elegant blanding av fakta og fiksjon. Ei forteljing som inneheld store spørsmål og overraskande svar.

No er det på tide å "rydde opp", dvs. å gje karakter og å setja boka i rett hylle her inne. Men det er vanskeleg. Førebels har eg sett boka i hylla for "Norske romanar". Ser at ho vert presentert som ei krimbok, men det er ho slett ikkje, etter mi meining. Eg nøler også med å setja ho i spenning/thriller-hylla, sjølv om ein kunne ane noko Carl Hamilton-aktig til tider.

Terningkast 5

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Jarmo LarsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseIngunn ØvrebøHilde Merete GjessingritaolineElin FjellheimRufsetufsaTonesen81Synnøve H HoelEivind  VaksvikMarteSverreReadninggirl30FredrikKirsten LundIngunn SJon Torger Hetland SalteVegardTove Obrestad WøienSilje BorvikBertyBjørg L.Beathe SolbergLisbeth Kingsrud KvistenIngeborg GVibekePirelliTheaLars MæhlumAgathe MolvikDolly DuckAlice NordliHilde H HelsethTanteMamieBente NogvaalpakkaSigrid Blytt TøsdalKjell F TislevollWenche Vargas