Eg kjøpte denne boka på mammutsalet etter at eg hadde lese di bokmelding, Rose-Marie. Forventningane var store, og, -eg må seie, - dei blei innfridde. Interessant og gripande å lese om livet til den velståande familien, og om korleis tilhøva forandra seg for dei som følgje av første verdskrig. Det blei forandring i heile det tyrkiske samfunnet, militært, kulturelt og økonomisk.Gjennom familien Orga følgjer vi denne utviklinga. Det var hjarteskjærande å lese om deira veg inn i fattigdom og matmangel. Kvinnene som hadde levd trygge og skjerma liv, blei etter at mennene i familien var borte, nøydde til å gå ut i samfunnet og greie seg sjølve. Dette var til tider svært vanskeleg.
Denne familiesoga er fint og ærleg skildra på ein god og velformulert måte. Verkeleg ei bok å anbefale!
Viser 2 svar.
Enig, akkuratt ferdig med denne, helt fantastisk bok ,interessant lesing og måten forfatteren skrev på gjorde den umulig å legge fra seg.Anfefales på det varmeste:-)
Er veldig fornøgd med å ha denne boka på vent no,ja!