Er i gang med begge bøkene - men dette kjem til å ta tid. Blar tilbake, les omatt - ler, og lurer på både det eine og det andre. Her er det mykje å ta fatt i.
Har eg fatta det rett når eg forstår at begrepet "Å sloss mot vindmøller" kjem frå don Quijote? Boka er jo så fullspekka av gode formuleringar og bilde, at iallfall eg må ta tida til hjelp for å fordøye alt.
Hadde forresten gløymt alle bokbåla som brann i Europa på den tida. Nesten utrulig at dei greidde å ta vare på eksemplar for ettertida.
Viser 1 svar.
Ja, det er slik du lyt lese bøkene, ja. Ja, uttrykket "slåst mot vindmøller" stammar frå Don Quijote, men ordtaka til Sancho Panza har for det aller meste røter i tradisjonen.