Staten må være den mest opplysende teksten jeg noensinne har lest.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Jo, Platons "Staten" er opplysande på den måten at vi her finn idealistisk filosofi i si mest reindyrka - og vakrast skildra - form. Dialogen tek opp det mest av plassen i bind V av "Samlede verker"; den fyrste teksta er "Kleitofon", som kanskje ikkje eingong er forfatta av Platon. Eg las "Staten" ein gong i Delfi, i skuggen under sypressane og mens sikadane surra, under eit to vekers greskkurs ved Apollons heilage lundar. Det er Henning Mørlands sikre omsetjing som er brukt - ein fryd er det å lese korleis dialogen mellom Sokrates og Glaukon driv diskusjonen mot erkjenning framover. Eyólfur Kjalar Emilsson var førelesar om Platon og Plotin; etter innleiinga i dette bindet har han skrive "Til Ketils með góðum kveðjum" til meg. Han likte at eg kunne tale med han på islandsk; "Koma og setjast við íslenska bordið," sa han - eg kunne få sitje hos dei islandske deltakarane og ete gresk mat og drikke gresk vin. Men "Staten" lyt ein ta i fleire rundar. Ofte er det vanskeleg å følgje tankegangen, men eg er no på god veg til kunne ein del av og om dette verket - som eg ikkje er einig i, men som er så grunnleggjande for å skjønne viktige sider av åndslivet vårt og kulturdebatten også i dag, og som ein blir fascinert av, uavhengig av standpunkt til idélæra og den noko udemokratiske statslæra.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Heidi BJan-Olav SelforsNorahG LHarald KHanneToveRisRosOgKlagingHilde H HelsethKirsten LundEmil ChristiansenAnne-Stine Ruud HusevågTraltemay britt FagertveitMarteLyriaIngunn SEllen E. MartolToneTanteMamieAmanda ADolly DuckBjørg L.Kristine LouisePiippokattaGrete AastorpMonica CarlsenLillevisveinBjørn SturødGrete AmundsenKatrinGsiljehusmorTine SundalJulie StensethLena Risvik PaulsenKaren PatriciaKarin BergelmeStein Kippersund