VISE
Vi stod ei natt om våren
framfor eit oretre
Der skar vi inn med kniven
to namn i raude ved.
Og seint om sommarkvelden
i seterstova sval,
vi skreiv med kol på veggen
to namn og årsens tal.
Når isen la om hausten
på logne Venetjønn,
vi skreiv to namn der utpå
med kalde skeisejønn.
Om vintren kom i lunden
ein stein av mørke grjot.
Eit einsleg namn er hoggi der
og lyser Gud imot.
Tarjei Vesaas
Viser 2 svar.
Det er så flott det diktet her.
Er egentlig ikke noen diktperson, men noen ganger kommer man over ett som treffer rett i hjertet :-)