I eit anfall av entusiasme bestilte eg denne boka i dag - men er litt usikker på korleis eg skal bruke den. Er det lurt å lese i den samtidig med hovudboka, eller bør eg vente til etterpå, eller?? Tek gjerne imot tips. ( I tillegg til entusiasmen, så kosta den berre 49..)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Claussen følgjer, så vidt eg kan hugse, utferdene til don Quijote i den rekkjefølgja som vi finn i romanen. Det kan nok vere lurt å ta bøkene parallelt. Når eg nå snart blir ferdig med andre bindet av Don Quijote att, har eg tenkt å lese Clausen på ny.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er i gang med begge bøkene - men dette kjem til å ta tid. Blar tilbake, les omatt - ler, og lurer på både det eine og det andre. Her er det mykje å ta fatt i.

Har eg fatta det rett når eg forstår at begrepet "Å sloss mot vindmøller" kjem frå don Quijote? Boka er jo så fullspekka av gode formuleringar og bilde, at iallfall eg må ta tida til hjelp for å fordøye alt.

Hadde forresten gløymt alle bokbåla som brann i Europa på den tida. Nesten utrulig at dei greidde å ta vare på eksemplar for ettertida.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, det er slik du lyt lese bøkene, ja. Ja, uttrykket "slåst mot vindmøller" stammar frå Don Quijote, men ordtaka til Sancho Panza har for det aller meste røter i tradisjonen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Reidun SvensliBertyTor Arne DahlBjørn SturødHilde H HelsethStine AskeAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenAlice NordliElisabeth SveeStig TEivind  VaksvikTovesveinKorianderTone SundlandSigrid NygaardTonje SivertsenTorTone Maria Jonassenanniken sandvikLars MæhlumMarit AamdalTanteMamiePiippokattaReidun VærnesSilje HvalstadFrisk NordvestBente NogvaMorten MüllerTor-Arne JensenKirsten LundDemeterSynnøve H HoelBjørg L.Bente