Ein del av Tarjei Vesaas sine er korte, enkle, og med deg i lang tid etterpå. Eg tenkjer til dømes på Fuglane, Bruene og Is-slottet.
Coetzee var nemnt under her. Eg ser i hylla mi at eg har Foe, den er kort og gir ein an innfallsvinkel til Robinson Crusoe, og In the Heart of the Country er heller ingen murstein. Den har på mi må lesa snarast-liste...
Oscar Wilde, både Picture of Dorian Gray, og skodespelet The Importance of Being Earnest (som eg sjølv driv på med no.)
Det finst fleire korte og greie britiske klassikarar. Dr. Jekyll og Mr. Hyde er ein av dei. Elles er Jane Austen sin kortaste roman Persuasion overkommeleg i kun eit par lesingar, og det same er den eldre og mykje mindre handlingsmetta (om ein i det heile kan nytta eit slikt adjektiv om Austen) The Man of Feeling av Henry Mackenzie. Eit innblikk i ein litt ukjent sjanger, den.
Norske (gløymte) klassikarar er til dømes Synnøve Solbakken og andre av Bjørnson sine bondeforteljingar, og Nordahl Grieg sitt skodespel Vår ære og vår makt.
Eit par amerikanske klassikarar kan eg slenga med òg. Kva med Edith Warton sin Ethan Frome, Willa Cather sin My Antonia eller Stephen Crane sin Maggie, A Girl of the Streets?
Viser 1 svar.
Tarjei Vesaas fikk jeg en slags aversjon mot i løpet av ungdomsskolen, men jeg tror at det er ufortjent. Fuglane bør i alle fall få en ny sjanse før jeg eventuelt bestemmer meg for at Vesaas ikke passer meg.
Åh, jeg har en pågående forelskelse i Oscar Wilde! Jeg leser litt i Complete Short Fiction hver gang jeg ikke orker å lese noe annet, og The Picture of Dorian Gray låner jeg på biblioteket med jevne mellomrom. Skuespillene sparer jeg til en regnværsdag.
Strange Case of Dr Jekyll and Mr Hyde er det lenge siden jeg leste, men jeg likte den svært godt. Det er vel på tide å lese den igjen. Jane Austen har jeg en slags fobi mot, så jeg har foreløpig latt være å lese noe av henne. Jeg har dog Pride and Prejudice i bokhylla, og den er vel ikke spesielt lang den heller.
Stephen Crane kan være interessant, men er ikke The Red Badge of Courage et minst like bra sted å begynne?